Old Drupal 7 Site

Samhandling

Ottar Grimstad Om forfatteren
Artikkel

Illustrasjon Janusz Kapusta/© Images.com/Corbis/SCANPIX

Forsidebiletet viser eit svært krevjande samhandlingsprosjekt. Å få ein penn til å skrive fornuftige setningar mens den blir dratt i frå forskjellige sider, synest umogleg. Er dette eit godt bilete på samhandling i helsesektoren?

Det er lettare å skrive fornuftig når ei hand held pennen. Det skal ikkje alltid samhandlast. Av og til skal pasienten møte ein lege, og ikkje eit team eller ei behandlingskjede.

Kompleksiteten og kompetanseutviklinga i medisinen fører likevel til at den enkelte lege stadig oftare ikkje kan greie å hjelpe pasienten aleine. Da gjeld det at pasienten ikkje føler seg som ein kasteball, eller som ein penn drege mellom sterke aktørar. Pasienten må føle seg ivareteken der han blir ført til den rette kompetansen til rett tid, og der nødvendig informasjon er tilgjengeleg for dei som treng det. Dette krev system og gode rammevilkår, god organisering, gode teknologiske løysingar og god vilje.

Samhandling er ikkje berre system og organisasjon. Samhandling er også at den behandlaren som har ansvaret for ein pasientkontakt, tek ansvaret for pasienten der og da – også det å sjå samanhengen utover sin del av oppgåva. Pasienten må få informasjon og råd. Den einskilde behandlar må ta eit ansvar for at pasienten kjem vidare til neste rette instans og at andre samarbeidspartar får rettidig og nødvendig informasjon.

God samhandling krev også at pasienten må ha ein koordinator, eit knutepunkt som samlar trådane og informasjonen og som kan følgje pasienten over tid. God samhandling krev ei godt fungerande fastlegeordning; den handa som over tid held i pennen.

Samhandlingsreformen blir tema under den helsepolitiske debatten ved landsstyremøtet i Bodø 3. – 5. juni 2009.

Anbefalte artikler