Old Drupal 7 Site

Eldre legar og autorisasjon

Øyvind Bekkhus Om forfatteren
Artikkel

Nils Hunstad utfordrar i Tidsskriftet nr. 9/2009 Legeforeningens president til å kommentere spørsmålet om autorisasjon for eldre legar (1). Eg trur han har mange av oss eldre medisinarar med seg i denne utfordringa.

På svært mange stader utover landet slit ein i dag med å få nok legar, både i allmennpraksis og i spesialisthelsetenesta. Då verkar det merkeleg ikkje å gjere så godt ein kan for å få kompetente og velrøynde legar til å ta eit tak nokre ekstra år.

Eg vil komme med eit konstruktivt forslag om kvalitetssikring av arbeidet til gamle legar. Statens autorisasjonskontor for helsepersonell krev at søknad om vidare lisens inneber at praksisen må ha eit visst omfang. Dette er eit rimeleg krav.

For å sikre at legen er oppdatert medisinsk og ikkje er tydeleg aldersdement, måtte det i samarbeid med Allmennlegeforeningen og ev. andre spesialistforeningar vere råd å lage ein enkel «eksamen». Kva med «multiple choice»-spørsmål der ein til dømes kunne sitje hjå politiet og fylle ut skjemaet?

Anbefalte artikler