Old Drupal 7 Site

Minneord

Artikkel

Brigt Møll Nilsen blei fødd 28.6. 1977 og drukna under fridykking ved Giskebrua i Møre og Romsdal 1.11. 2009.

Me var samla rundt bordet då meldinga kom; «Brigt er sakna». Det var så uverkeleg, men me måtte sjølvsagt ut og leite. Etterkvart samla me oss, prøvde å ta vare på kvarandre og på Camilla. Om nokon kunne sitje på ein holme og koke blåskjell over eit bål han hadde laga av to tørre pinner og litt tong, måtte det vere Brigt.

Så kom telefonen om at han var funne. Me drog inn til sjukehuset i Ålesund, til arbeidsstaden vår. Alt var feil, me skulle ikkje stå på andre sida, sjå på Brigt som låg der og var, og samstundes ikkje var.

Brigt kom inn i liva våre hausten 2006, då han var i distriktsturnus i Sula, og busette seg i Ålesund. Han kom opprinneleg frå Os, med mellomstasjon i Etiopia og på folkehøgskulen Øytun i Alta, før han starta medisinstudiet i Trondheim. Han hadde sjukehusturnus i Volda, og altså ålmennpraksis i Sula. Me fekk ein heidersmann til ven. Brigt var glad i folk og natur, og tur. Han var glad i gode bøker, i godt selskap og i te. Han sto på ski og gjekk på tur (sjølv om toppturar var kjedeleg om sumaren), dykka og sigla. Kaptein Brigt lærte fleire av oss å sigle på «Brokeback boat» gjennom to sesongar. Han var jamnt rundt Aksla og samla søppel langs stiane for å lage det triveleg for ålmenta.

Me var ein gjeng med lækjarar, og var så heldige å sjå kvarandre både på jobb og fritid. Brigt starta som assistenlækjar på vaksenpsykiatrisk avdeling ved Ålesund sjukehus. Han var godt likt, men flytta vidare til røntgenavdelinga same stad. Brigt var interessert i det meste, men det var pediater han ville bli. Han kom til barneavdelinga i mai 2008. Han vart tillitsvald, og gjorde ein stor innsats. Han sat òg i Ylf-gruppa, og jobba med saker også utanfor barneavdelinga.

Den siste tida var lukkeleg for Brigt. Han hadde funne sikker kjærleik med Camilla, og uttrykte ofte kor glad han var. Han hadde fått forlenga vikariatet sitt, og kunne omsider sjå framover.

Måndag 2. november var det minnestund på sjukehuset. Trass i kort varsel var kapellet overfylt, folk frå alle avdelingane Brigt hadde jobba, og mange fleire, folk frå alle yrkesgrupper ved sjukehuset samla seg, sto i gangen for å vere saman i sorga.

Me som sit igjen veit at me er mange som delar sorga. Me ventar stadig på at han skal banke på vindauget, eller kome smilande bortetter gangen, men sakte gjeng det opp for oss at han ikkje meir er.

Me lyser fred over Brigt Møll Nilsen sitt minne, du er djupt sakna.

Vener og kollegaer i Ålesund

Anbefalte artikler