Old Drupal 7 Site

Klima og tru

Gunnar Saunes Om forfatteren
Artikkel

Eg synest der er nesten ufatteleg at «klimaeliten» her i landet, representert ved bl.a. Drange & Kvåle i Tidsskriftet nr. 13 – 14/2010 (1), enno ikkje har teke innover seg jukset som har kome fram med Climategate, Himalayagate og Hurricanegate. Like utruleg meiner eg det er at Intergovernmental Panel on Climate Change (IPCC) og dei vitskapsmennene som står bak denne organisasjonen framleis vert sett på som pålitelege.

Trua på at menneskeskapt CO₂ skal kunne føre til katastrofal oppvarming har etter mi meining gått inn i ein religiøs dimensjon, og den får rikeleg støtte frå politisk hald. Drange, Kvåle og deira like må gjerne få tru kva dei vil. Verre vert det når denne trua på CO₂-oppvarminga medfører vanvettige milliardoverføringar til fåfengde prosjekt, til dømes CO₂-reinsing. Regjeringa vil CO₂-reinse Kårstø-anlegga til ein pris på 15 – 27 milliardar kroner. Eg undrast: Kor mykje helse ville vi kunne fått for desse pengane, heime eller ute?

Anbefalte artikler