Old Drupal 7 Site

Kun datamodellar, ikkje fakta

Gunnar Saunes Om forfatteren
Artikkel

Eg noterer meg at Helge Drange & Gunnar Kvåle i Tidsskriftet nr. 17/2010 brukar omgrepet klimaendring (1). Kvifor brukar dei ikkje global oppvarming – for det er vel det som har vore problemet? Eller skal CO₂ no få skulda for ei ikkje usannsynleg nedkjøling dei komande åra også?

Det er ikkje rett at vitskapen har dokumentert at CO₂ har avgjerande betydning for klimaet. Eg kjenner ikkje til forsking som viser at ein auke av innhaldet av drivhusgassar påverkar klimaet vesentleg. Men satelittmålingar indikerer at ein dobling av CO₂-innhaldet i atmosfæren vil kunne gje ein temperaturauke på ca. 0,5 grader celsius. Videre at mennesket sitt bidrag til denne auken er ca. 4 %, det vil seie at vi vil vere «ansvarlege» for ein temperaturauke på 0,02 grader. Drange og co. kan spare seg å vise til National Academy of Science: Konsensus bygd på modellar liksom Intergovernmental panel on climate change (IPCC) gjer, provar etter mi meining knapt nokon ting så lenge desse modellane ikkje gjer greie for den viktigaste drivhusgassen: vassdamp.

Professor Richard Lindzen ved Massachusetts Institute of Technology (MIT) og andre forskarar har i løpet av 20 år gjort målingar når det gjeld varmeutstrålinga frå jorda, noko som er avgjerande for temperaturutviklinga (2, 3). Christopher Monckton gjer i eit foredrag greie for dette sentrale punktet i klimaspørsmålet og mange andre påstandar frå IPCC (4).

Anbefalte artikler