Old Drupal 7 Site

Med Afrika i blodet

Lisbeth Homlong Om forfatteren
Artikkel

Til dagleg er han overlege og forskar ved infeksjonsavdelinga på Haukeland universitetssjukehus. På fritida driv han kafé og spelar saksofon i fem forskjellige band. Bygging av skule og helsesenter på landsbygda i Tanzania er berre to av fleire prosjekt han engasjerer seg i. Er det geitetarmane frå Singida som held han gåande?

Foto SCANPIX

I eit sommarstille Bergen opnar det seg opp ei lita oase i gågata Marken i sentrum. Folk sit og heng rundt utanfor, praten går, musikken spelar – jazzrytmar – det er ein uvanleg varm og lummer sommarkveld til Bergen å vere. Inne i det knapt 20 kvadratmeter store lokalet er veggane fylt opp med plakatar av Billie Holiday, Miles Davis, Muhammed Ali og Miriam Makeba. Frank Zappa med buksene på knea viser oss kvar toalettet er. Det er ei laidback, internasjonal og fordomsfri stemning. Intervjuobjektet sjølv spelar saksofon saman med kveldens artist.

Han har vore umogleg å få fatt i. Etter ei rekkje ubesvarte telefonoppringingar, beskjedar lest inn, SMS-ar sendt, vel eg å oppsøke den travle, og etter det eg har høyrt, svært så distré legen på staden eg veit eg kan få tak i han – på kulturkafeen Café Sanaa, som han driv saman med si afrikanske kone Chiku. Han er like velvillig og positiv som eg har tenkt meg og vi får endeleg avtalt eit treff.

Ei skikkeleg jazzbule

Veka etter møter eg han heime, i den vesle leilegheita over kafeen, som av Bergens Tidende har blitt karakterisert som ei skikkeleg jazzbule. Som vanleg er det sydlandsk stemning både i og utanfor huset.

– Både Chiku og eg er i vid forstand kultur- og musikkinteresserte, så vi hadde lenge ein draum om å gjere noko sånt, fortel Blomberg entusiastisk. – Vi budde ute på Nøstet i leilegheit, men sakna hage og altan. Vi oppdaga huset i Marken som verken hadde det eine eller det andre, men altså mulegheit til å opne kafé i første etasje. Vi kjøpte det i 2003, pussa opp og starta kafé i 2007. Sjølve bur vi på loftet.

– Så det har blitt ein livsstil, dette?

– Det er i alle fall ein omfattande hobby som tek ein del tid. Vi har ingen tilsette, men får hjelp av vener på dugnadsbasis. I starten var det eit pengesluk, men no går vi i balanse.

Kvar helg vert det arrangert konsertar i det vesle lokalet. Paret har etter kvart fått eit fantastisk nettverk av musikarar land og strand rundt, frå Oslo til Karasjok, også frå utlandet.

– Jungeltelegrafen fungerer, vi får stadig e-postar frå folk rundt omkring som vil spele hos oss. Rykta går om at det er god stemning, seier han nøgd.

Dramatisk danningsreise

Bjørn møtte kona Chiku Ali mot slutten av studietida i Bergen. Chiku, som opprinneleg er frå Tanzania, var allereie då ein kjent politikar og kulturpersonlegdom i byen. Det var gjennom musikken dei trefte kvarandre, men for Bjørn vart møtet også starten på eit langvarig og altoppslukande forhold til Afrika.

– Ein kamerat spelte piano i eit afrikansk band, dei trengte ein saksofonist og eg slengte meg med. Slik trefte eg Chiku.

Interessa hans for internasjonal helse begynte likevel å spire og gro ei stund før dette: – Ein studiekamerat var interessert i global helse. Saman reiste vi på studietur til Sentral-Amerika. Mellom anna besøkte vi ein flyktningleir i grenseområdet mellom Guatemala og Mexico. Turen vart ei slags danningsreise. Det som gjorde mest inntrykk på oss, var forskjellen på fattig og rik, kor vanskeleg dei fattige hadde det, spesielt indianarane. Analfabetisme, infeksjonar, underernæring. Medan dei rike hadde det mykje betre enn ein gjennomsnittseuropear. Mykje av det vi ser av urettvise tilhøve i verda, er relatert til økonomi og fattigdom, både helseforhold og anna. Dette fekk eg oppleve på kroppen.

Turen fekk for øvrig ein dramatisk slutt då han og kameraten oppsøkte eit slumstrøk i Guatemala City med planar om å lage ein lysbildeserie som skulle fange kontrasten mellom rike og fattige strøk.

– Vi reiste ut til eit slumområde og eg begynte å fotografere. Brått kom det ein kar med svær kniv. Då kameraten min skulle kome meg til unnsetning, vart han skoten i hofta. Han vakla bakover, men fekk kasta seg inn i bilen vår, medan eg byksa etter og sjåføren kjørte av garde i full fart til sjukehus. Kula hadde gått inn på høgre side og rett gjennom og inn i låret på andre sida. Heldigvis har han ikkje fått varige men.

Tropemedisinsk engasjement

Etter endt turnus havna Blomberg som sivilarbeidar på Senter for internasjonal helse ved Universitetet i Bergen. Her jobba han som forskningsassistent på eit tuberkuloseprosjekt. Dette førte han vidare til Genève og ei stilling som juniorekspert i tuberkuloseprogrammet i Verdens helseorganisasjon. Prosjektet var retta mot legemiddelindustrien for å få laga eit kombinasjonspreparat av fire ulike medikament til behandling av tuberkulose. Desse vart etter kvart utvikla og er i bruk i dei fleste land med tuberkulose, også i Noreg.

Etter opphaldet i Genève gjekk turen tilbake til Senter for internasjonal helse.

– Eg vart rekruttert til eit forskningsprosjekt om antibiotikaresistens ved sepsis i Tanzania. Mesteparten av tida jobba eg på Muhumbili National Hospital, det største sjukehuset i Dar-es-Salaam.

Doktorgradsarbeidet fullførte han i 2007. Frå 2003 har han stort sett jobba på Haukeland universitetssjukehus, sidan 2009 som overlege ved infeksjonsavdelinga. Frå same år har han hatt ei stilling som førsteamanuensis på Universitetet i Bergen. Han underviser legestudentar, i tillegg til at han er rettleiar på prosjekt innan ulike infeksjonar, inkludert malaria og tuberkulose. Han har også ei 10 % stilling ved Nasjonalt kompetansesenter for tropiske infeksjonssjukdommer. Årleg føreles han på fleire kurs i infeksjonsmedisin – eit spesialistutdanningskurs for legar i tropesjukdomar og parasittologi i regi av Legeforeningen, eit internasjonalt tovekers kurs i tropemedisin i India kvar vinter og på det årlege internasjonale tuberkulosekurset i Tanzania til den internasjonale unionen mot tuberkulose og lungesjukdomar (The Union).

Frå forsking til skulebygging i Tanzania

Etter å ha drive med forsking i Dar-es-Salaam har Bjørn dei siste åra ønskt å forske meir ute på landsbygda. I byen Singida, der kona hans kjem frå, held han no på å kartlegge malariaforekomsten saman med legar frå det lokale sjukehuset og ein infeksjonsmedisinar frå Trondheim.

– Dette er eit område som er særs lite utforska, og vi ønskjer å finne ut kor mange av febersjukdomane som faktisk skuldast malaria. I Afrika er det ein tendens til at alle sjukdomar vert kalla malaria. Vi mistenker at sjukdomen er overdiagnostisert. Folk kan ha ulike virusinfeksjonar, influensa, denguefeber, bakterielle infeksjonar, sepsis. Dette kan vere umogleg å skilje klinisk. Eg gler meg til å halde fram med dette prosjektet.

– Du og Chiku har også klart å engasjere vener og kjente for å få finansiert andre typer prosjekt?

– Ja, det stemmer. Saman med fleire vener i Noreg, ildsjeler frå Fusa, Lofthus, Stord og rundt omkring, har vi klart å samle inn pengar til ein skule i landsbyen til Chiku. Skulen er nesten ferdig, allereie har 350 elevar begynt. I tillegg har vi klart å samle inn nesten 30 000 kroner til eit helsesenter med hovudvekt på infeksjonssjukdomar. Her skal det utførast diagnostikk av sjukdomar som hiv, malaria og tuberkulose – i eit av dei fattigaste fylka i Tanzania.

«African time»

At intervjuobjektet stadig vert observert sovande på internundervisning og morgonmøter, undrar eg meg ikkje over når eg høyrer kva han har å fylle døgnet med. Sjølv seier han at han stadig forsøker å finne lure triks for å komprimere søvnbehovet inn i færrast mogleg timar i løpet av natta. I tillegg er kaffi den beste medisin – det går gjerne med eit par liter i løpet av ein dag.

Bjørn Blomberg er kjent for å vere eit jamenneske, han er positiv, hjelpsam, han seier sjeldan nei når han vert spurt.

– Tar du på deg for mykje? undrar eg.

– Det kan hende, eg kan kjenne meg igjen i det. Av og til har eg vansker med å få tida til å strekke til.

Kanskje har det å gjere med hans enorme evne til gå inn i saker og ting med full konsentrasjon og heile seg. Det Bjørn treng minst av alt er kurs i «mindfulness», fortel ein god ven. Han stadfestar sjølv at han har denne evnen.

– Når eg først skal førebu meg til noko, til dømes ei førelesing for studentar, gjerne etter at kafeen er stengt, hender det at eg held på til klokka 6 neste morgon fordi eg får sånt godt driv, men det går jo på kostnad av andre ting. Eg held konsentrasjon på det eg held på med, men kjem for seint til andre ting, sukkar han. – Men med ei kone frå Afrika har eg no ei perfekt unnskyldning, ler han, – for ho er ekstremt presis, aller helst kjem ho fem minutt før. Men kjem vi for seint, ser alle på henne og seier «African time», så ho får skulda!

Han fortel at han alltid har hatt vansker med å halde tidsfristar. Då han skulle disputere for doktorgrada i 2007, var det to ting rettleiar Nina Langeland engsta seg for: Om han ville kome presis og om han ville hugse å ta på seg slips.

– Eg klarte begge delar, utbryt han begeistra! – Eg dukka endåtil opp 15 minutt før planlagt start. Eg har aldri sett ho puste så letta ut før.

Velkomst med geitetarmar

Saman med kona arrangerer Bjørn også kurs i swahili, som er eit av dei raskast veksande språka i verda, 100 millionar snakkar det per i dag. Kjerneområdet er Tanzania og Kenya. Det fungerer som engelsk gjer i Europa. Dei fleste har eit stammespråk og bruker swahili som fellesspråk, opplyser han. Sjølv snakkar han språket flytande.

– Kursa våre er populære, eg underviser i grammatikk, Chiku i uttale og swahilisong. Eit kurs går over seks kveldar, og då har du garanti på at du snakkar språket når du er ferdig! Swahili er eigentleg vanskeleg å lære, men på kursa våre er det lett, smiler han lurt.

– Det ryktast at du og Chiku gifta dykk på høvdingvis i Tanzania?

– Bestefar til Chiku var høvding i den lokale stammen, så Chiku er faktisk ei slags prinsesse. Så vi har ei fin slekt der nede, seier han med glimt i auget.

Når Bjørn besøker landsbyen, vert han alltid ønskt velkomen med ei tradisjonell suppe kokt på geitetarmar. Dette er basert på trua på at det er mange medisinar og legande urtar i naturen som er for sterke for menneske i rein form. Dei slaktar derfor geita, tek ut tarmane og kokar suppe på desse.

– Det geniale er at dei ikkje tek ut tarminnhaldet, så det flyt rundt tarmbitar, gras og rusk i suppa, det som geiter et. Dette er rekna for å vere helsebringande for dei som har vore lenge på reise.

– Dette høyrast litt spesielt?

– Ja, litt løyen kjenner eg meg undervegs, men etterpå vert eg ganske så frisk og tidig, påstår han.

Triathlon i Genève

Den engasjerte infeksjonsmedisinaren som er fostra opp på havregryn og musikkforeining i Os utanfor Bergen, er opptatt av helse og det gode liv, og trur sjølv at det er viktig å drive med ting ein er interessert i, slik at ein held seg aktiv på det mentale planet. For sin eigen del opplever han stor helsegevinst i å drive med musikk.

– Når eg speler på min Selmer Mark VI tenorsaksofon frå 1958, då gløymer eg tid og stad. Eg går inn i ei slags transe. Sjølvsagt er det bra å halde kroppen i nokonlunde form også, men eg er ingen stor idrettsmann, utover at eg likar å danse.

Trass i manglande interesse for idrett har det kome meg for øyret at Bjørn ein gong deltok på triathlon. Han ler hjarteleg når eg tek opp dette.

– I Genève vart det mange lange kveldar på kontoret og mykje pasta og ost. Etter kvart vart eg i elendig form. Likevel slengte eg meg med ein kollega som skulle delta på triathlon. Eg hadde ikkje trent på mange år, men sette meg føre at eg skulle gjennomføre dette – i Ecco spasersko og med offrodesykkel. Saman med fleire hundre veltrente mannfolk heiv eg meg i Genfersjøen for å svømme. Utruleg nok hadde eg tre bak meg etter svømminga. Men då eg sette meg på sykkelen, kom dei tre siste raskt forbi. På den siste etappen hadde dei som viste vegen byrja å gå heim, så då eg kom til eit kryss, visste eg ikkje kva veg eg skulle springe, eg tok ein sjanse og hamna plutseleg midt i hovudfeltet.

Sidan han hadde elektroniske lenker på føtene, vart det registrert at han hadde tatt ein snarveg, så han vart diska.

– Kvifor vart du med på dette når du ikkje hadde trent?

– Eg likar slike utfordringar av og til, når eg får det for meg. Men eg har aldri gjort det sidan.

Saksofonist og musikkvideoartist

Det held kanskje med ein altoppslukande hobby. For Bjørn er det musikken som alltid har fenga mest. Han har spela sidan han var ti år, frå slutten av tenåra jazz. No speler han i heile fem forskjellige band. Eit av dei, Mobley Dix, har spesialisert seg på musikk frå ein jazzsaksofonist som heiter Hank Mobley.

– Han er ikkje så kjent og ideen er nok litt sær, men alle i bandet er veldig opptatt av musikken hans. Eg har eit band til, Los Pollos, der vi speler salsamusikk blanda med litt funky soul. Og så er det Trio Maracatu, ein trio med to brasilianske vener som speler samba og reggae, Alvorada, med brasilianskinspirert musikk, og til slutt eit band som bare speler mine eigne komposisjonar. Vekta her er på afrikanske og latinamerikanske rytmer. Bandet heiter Washamba, som betyr bønder eller strilar på swahili. Alle vi som er med er frå Os eller andre bygder. Vi har reist på turné i Tanzania og har blant anna spela på Zanzibar filmfestival og bondefestivalen i Dar-es-Salaam. Vi var veldig populære!

Washamba har òg spela på Nattjazz, Bajazz, Sildajazz og på Os blues- og jazzfestival. Og kanskje kjem det snart ei plate. Bjørn slenger seg også gjerne med når andre speler i kafeen. Det går nesten ikkje ei veke utan at han speler med forskjellige band.

Eg kjenner at eg blir litt matt. Korleis er det mogleg å få tid til alt dette?

– Det kan du spørje om! Eg må sjå om eg klarer å slutte å sove slik at eg får tida til å strekke til, humrar han. – Men vi øver nesten aldri, legg han kjapt til, – så der sparar eg litt tid.

Bjørn har også spela saksofon i ein musikkvideo med ei av dei mest populære songarinnene i Tanzania. Denne videoen var svært populær i Øst-Afrika og gjekk på nasjonale TV-kanalar for eit par år sidan.

– Så no har du blitt kjendis i Tanzania?

– Nei, det er å ta litt hardt i, eg ventar framleis på det store gjennombrotet. Men det er ein stort marknad for kassettar der, så kanskje eg får det til dersom vi gjev ut eit album på kassett?

Bjørn Blomberg

Fødd i 1969 i Bergen, vaks opp i Os

  • Gift med Chiku Ali fra Tanzania

  • Cand.med. 1994

  • Ph.d. 2007

  • Siviltjeneste ved Senter for internasjonal helse ved Universitetet i Bergen i 1997

  • Juniorekspert ved tuberkuloseprogrammet til Verdens helseorganisasjon i Genève 1998 – 99

  • Stipendiat ved Universitetet i Bergen og Muhimbili University of Health and Allied Sciences i Tanzania 2002 – 07

  • Overlege infeksjonsavdelinga, Haukeland universitetssjukehus frå 2009

  • Førsteamanuensis ved Universitetet i Bergen frå 2009

Anbefalte artikler