Old Drupal 7 Site

Korleis føreseie risikoen for iskemisk hjartesjukdom?

Kristin Viste Om forfatteren
Artikkel

Ved å bruke dei mest informative mål for overvekt, hypertensjon og serum-lipidnivå kan ein betre berekne pasientens risiko for iskemisk hjartesjukdom.

Bjørn Mørkedal Foto privat

Hypertensjon, overvekt og høge blodlipidnivå er kjende risikofaktorar for iskemisk hjartesjukdom, men det er ikkje klårt korleis dei påverkar einannan og kva mål som i høgst grad føreseiar framtidig risiko. Bjørn Mørkedal har jamført data frå Dødsårsaksregisteret med data om 60 000 personar i HUNT-undersøkinga for å finne svar på dette.

– Vi fann at samanhengen mellom blodtrykk og død av hjartesjukdom var mykje sterkare hjå dei under 65 år enn hjå dei over. Denne samanhengen var også sterkare for dei tynne og normalvektige enn for dei overvektige og tjukke, seier Mørkedal.

– Vi fann vidare at hjå menn er det sterkast samanheng mellom systolisk blodtrykk og hjartesjukdom, medan det hjå kvinner er sterkast samanheng med pulstrykket. For overvekt er forholdstalet mellom midje- og hoftemål justert for kroppsmasseindeks, og for serum-lipidnivå er forholdstalet mellom total- og HDL-kolesterolnivå mest informativt når det gjeld død av hjartesjukdom hjå både menn og kvinner.

Mørkedal har også sett på samanhengen mellom jernnivå i blodet og risiko for iskemisk hjartesjukdom og fann at risikoen auka ved lågt jernnivå.

Disputas

Bjørn Mørkedal disputerte for ph.d.-graden ved Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet 13.1. 2012. Tittelen på avhandlinga hans er Blood pressure, obesity, serum iron and lipids as risk factors of ischaemic heart disease.


Helseundersøkinga i Nord-Trøndelag (HUNT) omfattar alle innbyggjarar over 20 år i fylket. Det er samla inn data via spørjeundersøkingar, kliniske undersøkingar og prøvar frå blod, urin og vev.

Anbefalte artikler