Old Drupal 7 Site

Totalitære trekk i helsesystemet

Svein Gisle Apeland Om forfatteren
Artikkel

Utspelet frå helsestyresmaktene i saka om reservasjonsretten minner om einsretting.

Eg er skuffa, men dessverre ikkje overraska over reaksjonen frå helseministerens talsperson på utspelet mot at reservasjonsretten skal bort (1, 2). Faktisk slår dei fast at denne aldri har eksistert (!), for fastlegar har å utføre dei tenestene dei blir pålagde utan å mukke. At mange fastlegar også har ein etisk norm dei held seg til, ei oppfatning av rett og galt i sin daglege omgang med livet i alle variantar, er ein uting sett frå sentralstyresmaktene sin ståstad. Som eg både har sagt og skrive, er det meste i livet ikkje svart eller kvitt, men nyansar av grått.

Eg er svært skeptisk til, for ikkje å seie alvorleg skremt av, dette faktum at ein nå kort og greitt skal tvinge oss som skal utøve legegjerninga på grunnplanet, til blindt å følgje ordre. Eit politisk fleirtalsvedtak er ikkje det same som ein etisk norm om enn det er politisk korrekt, tyder det ikkje at det nødvendigvis er verken rett eller mogeleg å gjennomføre. At andre av kollegene har andre haldningar til kontroversielle etiske tema, er positivt, for mangfaldet er viktig i ein levande demokratisk struktur. Statens utspel luktar einsretting, noko som er den sikre vegen mot det totalitære systemet som får svært mange av oss til å få gåsehud. Retten til å vere usamd er heilt grunnleggande i det opne, frie samfunnet!

At Legeforeningen nå har blitt haleheng til statsråden med sitt vedtak mot reservering gjer meg ikkje berre skuffa, men sint, eller for å bruke gamle Bondevik sin klassikar: Eg er djupt såra og vonbroten! Utviklinga framover ser dyster ut dersom allmennhelsetenesta skal fyllast opp med lydige pudlar som held seg innanfor det dei politiske kommandostrukturane set opp! Dei heilprivate har ei lys framtid … og det var vel ikkje slik vi såg for oss vegen framover for det egalitære helsesystemet vårt!

Anbefalte artikler