Old Drupal 7 Site

Signalvegar ved akutt myelogen leukemi

Kristin Viste Om forfatteren
Artikkel

Kunnskap om signalvegar i leukemiceller kan bidra til å optimalisere prognose og behandling.

Håkon Reikvam, foto privat

Pasientar med akutt myelogen leukemi (AML) har ofte dårleg prognose til tross for intensiv behandling. Håkon Reikvam har i doktoravhandlinga si undersøkt korleis intracellulære signalvegar og ekstracellulære signalmolekyl kan gje informasjon om prognose og gje grunnlag for ny behandling. Metalloproteinasar og inhibitorane deira er ekstracellulære molekyl som regulerer angiogenese (nydanning av blodkar). Angiogenese er viktig for utviklinga av akutt myelogen leukemi.

– Vi fann at AML-celler frå pasientar skilte ut både metalloproteinasar og inhibitorar. Celler frå pasientar med full hematologisk remisjon etter første cellegiftkur hadde i større grad ikkje målbare verdiar av metalloproteinasen MMP-2, noko som tilseier ein prognostisk rolle for MMP-2 i akutt myelogen leukemi, seier Reikvam.

Han studerte også intracellulære signalvegar og protein, mellom anna varmesjokkprotein. Varmesjokkprotein bidrar til at protein får rett form og funksjon. Dette kan særleg vere viktig for å stabilisere protein som er muterte og difor mindre stabile.

– Vi fann at nivået av varmesjokkprotein kan brukast til å klassifisere pasientar med akutt myelogen leukemi i undergrupper, og at høge nivå hang saman med mutasjonar i genet som kodar for FLT3. Pasientar med mutert FLT3 har dårlegare prognose. Hemming av eit av varmesjokkproteina (HSP90) hemma proliferasjon og angiogenese samt fremma apoptose (programmert celledød) i AML-cellene, ein effekt som var mest uttalt i celler med FLT3-mutasjon, seier Reikvam.

Disputas

Håkon Reikvam disputerte for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen 16.3. 2012. Tittelen på avhandlinga er New therapeutic targets in human acute myeloid leukemia.

Anbefalte artikler