Old Drupal 7 Site

Kva med «førstelege»?

Bjørn Mørkedal Om forfatteren
Artikkel

I Språkspalten i Tidsskriftet nr. 15/2012 omtalast titlar på underordna legar i sjukehus (1). Eg vil gjerne få komme med nokre fleire forslag. Frå blant anna politiet har ein ein gradsstruktur der overbetjentar er overordna førstebetjentar (2). Det same kunne kanskje ha passa for overlegar og «førstelegar». For legar i spesialisering, som ofte blir kalla assistentlegar, vil kanskje «førstelege» følast som ei statusheving. Vidare har stammeordet to stavingar, slik Kashif Waqar Faiz etterlyser.

Det kan likevel gå tapt noko informasjon i ein slik tittel – «førstelege» kan framstå som ein ferdig spesialisert lege, framfor som ein lege i spesialisering. I tillegg er oftast lege i spesialisering ei midlertidig stilling, medan for eksempel førsteamanuensis i akademia er ei fast stilling. På ei anna side er det kanskje ei ønskeleg utvikling å få desse midlertidige stillingane til å verte faste.

Anbefalte artikler