Old Drupal 7 Site

Positivt med semje om eitt akuttsjukehus

Ellen Juul Andersen Om forfatteren
Artikkel

Styret i Helse Midt-Norge har vedteke at det skal byggjast eit felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal. – Det er positivt at ein endeleg har fatta eit slikt vedtak, seier sentralstyremedlem Marit Halonen Christiansen.

– Då eg starta som føretaktillitsvald her var det framleis sterke krefter for at der skulle vere eit sjukehus i kvar by. Mi største uro er at lokalisasjon ikkje er vedteke. I vedtaket ligg òg at ein skal ha meir funksjonsdeling. Dette vil skape stor uvisse i fagmiljøa. Legar i spesialisering og spesialistar vil kanskje vegre seg for å etablere seg i området når ein ikkje veit kvar ein skal jobbe på sikt. Dette vil kunne utarme fagmiljøet, som ein er heilt avhengige av for å bygge eit nytt sjukehus, seier ho.

Leiar i Møre og Romsdal legeforening Ottar Grimstad, mener det er svært positivt at styra for helseforetaka slår fast at det skal byggast eitt felles akuttsjukehus, og at det skal byggjast nær ein av byane. Dette er i samsvar med den uttalen Møre og Romsdal legeforening har gjeve.

– Eg hadde håpa at ein kom nærare stadsvalet no. Usikkerheit om dette vil vere skadeleg for rekruttering i overgangsperioden. Det er viktig at ein arbeider raskt med avklaring av dette. Det er eit stort behov for andre finansieringsordningar for slike store prosjekt. Helse Møre og Romsdal har eit innsparingskrav på 150 millionar i år, og i finansieringsplanen ligg det krav om ytterlegare effektivisering på 1 % per år. Dette er urimeleg harde krav.

Dette nybygget er nødvendig før det kan vere mogleg å få til vidare effektivisering av drifta. Tilhøva særleg ved sjukehuset i Molde, er også slik at eit nybygg burde kome vesentleg raskare enn med byggestart først om seks år, seier Grimstad.

Anbefalte artikler