Old Drupal 7 Site

Manglande tillit til apoteka?

Lillan Mo Andreassen, Lone Holst, Reidun L.S. Kjome, Kristine Heitmann Om forfatterne
Artikkel

Vi er einige med Kai A. Olsen, som i Tidsskriftet nr. 21/2012 hevdar at e-reseptordninga slik ho er no, gjerne kan betrast (1). Å bruke spalteplass på å påstå at apotektilsette er uærlege snokarar som ikkje veit å skjøtte jobben sin rett, og ikkje på å utdjupe betringsforslag meir, synest vi derimot er både krenkande og unødvendig.

 Apotektilsette er helsepersonell som pliktar å følgje helsepersonellova. Vi har ikkje lov til å tileigne oss opplysningar om pasienten som ikkje skal brukast spesifikt for å utøve helsehjelp (jf. § 21a i helsepersonellova). Vi har ikkje lov til å «snoke», korkje på ektefelle, kjærast eller andre personar.

Vi må òg få minne om at vi som helsepersonell har eit ansvar for å ta vare på pasienttryggleiken. Då er det ein fordel for farmasøytane å kunne sjå heile lista med legemiddel slik at dei lettare kan oppdage potensielt uheldige kombinasjonar av legemiddel samt kunne tilpasse informasjonen pasienten får med seg i høve til anna legemiddelbruk. Det er med andre ord ikkje noko farmasøytane gjer for å «ta legane på noko» eller for å snoke i sjukehistoria til pasientane.

Det er fare for forveksling når ein i prinsippet berre kan oppgje fødselsdato og namn for å kunne leite opp ein resept. Dei fleste apotek har derfor oppretta ein sams praksis om at legitimasjon skal framvisast ved uthenting av e-reseptar. Ved uthenting av A- og B-preparat ber vi i tillegg om daterte fullmakter og i somme tilfelle legitimasjon for den ein hentar for òg. Vi har lang erfaring med å handtere situasjonar der det kan vere tvil om kven resepten er til – kvifor skulle vi handtere situasjonen dårlegare fordi resepten er elektronisk? Vi er faktisk meir bekymra for at rett pasient får med seg feil legemiddel, fordi tilbakekallingsfunksjonen verkar å bli brukt i for liten grad.

Ordninga med låste reseptar er ikkje godt nok kjend blant pasientane. Visuelle kodar er ein god idé, men vi trur ikkje alle tryggleiksproblem forsvinn av den grunn. Kodar kan stelast, dei òg, og vi må uansett fortsetje å be om legitimasjon og fullmakter. Slike kodar kan òg by på praktiske problem for somme, til dømes eldre. Ofte treng eldre å setje ein slik abstrakt kode i samanheng med noko, til dømes ei legemiddelliste. Då vil ikkje ordninga bli noko særskilt annleis enn det ho er i dag, der mange eldre kjem inn med ei liste over reseptane sine der personnummer, namn og alle legemiddel er påført.

Innan ein finn ein god måte å løyse utfordringane med e-reseptar på, er det viktig at pasientar (og professorar i informatikk) har tillit til at alt helsepersonell, også apotektilsette, gjer det dei kan for å ivareta både personvern og pasienttryggleik i systemet vi har i dag.

Anbefalte artikler