Dei som har teke seg tid til å slå namnet opp i pc`en sin har nok merka seg Curiet er den pavelege sentraladministrasjonen i Vatikanet. Ikkje trur eg at dagens helsebyråkrati har henta sine idear derifrå, men kjem ikkje unna at det liknar. Takkar for ein framifrå artikkel om eit særs aktuelt problem. Å ta faget attende vert nok ein traurig og tung veg å trakka. I dette direktivomspunne byråkratiske helsesystemet ligg det så mykje prestisje avla av politikarar på alle nivå som på ein eller annan måte har eit kjenslemessig eigarskap til dei vedtak som er fatta. Som dei fleste veit er nok loyaliteten oppover i politikken vel så bunden som nemnt i artikkelen. Som organisasjonarbeidar i Fellesforbundet og ofte som pasient ved eit lokalsjukehus på Vestlandet har eg både sett og røynt forvitringa som har gått føre seg den
siste tida. Dengong lokalsjukehusa låg under Fylkeskommunen var ikkje alt rosenraudt alle stader heller, men dei hadde eigen styring sprunge ut av den profesjon dei skulle ivareta.
Vedtak om helse var opne, ikkje som no der byråkratar legg føringar i løynd som loyale styrer strør sand på utan å heilt skjøna konsekvensar av det dei gjer. Td. min eigen lege brukar no meir tid til å stira inn pc skjermen sin enn på meg etter at han vart fastlege. Men stå på alle som kan, ute blandt folk er det ei gryande forståing for at helsenoreg er på feil spor. Både Skottland og New Zealand som prøvde seg på eit liknande system som Noreg har for lengst forlete dette. Ting kan snuast om viljen er til stades.
Stord 14. mars 2013. Roald Agdestein