Kommentert artikkel
Se alle kommentarer
Kommentar
Immunglobulin og serologiske testar
Dag Tveitnes
Om forfatterenDag
Tveitnes
Barneklinikken, Stavanger Universitetssykehus
Overlege, PhD
Interessekonflikt:
Nei
Takk for svar frå Kjell-Ivar Helgestad.
Då dette sjukdomstilfellet på mange måtar er spesielt, både epidemiologisk (det første i Østfold) og klinisk (minner meir om Guillain-Barrés syndrom enn TBE), synest vi at diagnosen burde vore serologisk betre underbygd. Passivt overført TBE-IgG frå IVIG vil forsvinne etter nokre månader, men etter gjennomgått TBE ville ein vente livslang positiv TBE-IgG. Det går ikkje fram av kasuistikken om dette er kontrollert i ettertid, men etter vår meining ville det vere ei viktig underbygging av diagnosen.
Publisert:
04.03.2013