Old Drupal 7 Site

Den helsepolitiske kurien

Roald Agdestein Om forfatteren
Artikkel

I Tidsskriftet nr. 6/2013 hadde Vegard Bruun Wyller og medarbeidarar ein framifrå artikkel om eit særs aktuelt problem (1). Dei som har teke seg tid til å slå opp namnet i PC-en sin, har nok merka seg at kurien er den pavelege sentraladministrasjonen i Vatikanet. Ikkje trur eg at dagens helsebyråkrati har henta ideane sine derifrå, men kjem ikkje unna at det liknar. Å ta faget attende vert nok ein traurig og tung veg å trakke. I dette direktivomspunne byråkratiske helsesystemet ligg det så mykje prestisje avla av politikarar på alle nivå som på ein eller annan måte har eit kjenslemessig eigarskap til dei vedtaka som er fatta. Som dei fleste veit, er nok lojaliteten oppover i politikken vel så bunden som nemnt i artikkelen. Som organisasjonsarbeidar i Fellesforbundet og ofte som pasient ved eit lokalsjukehus på Vestlandet har eg både sett og røynt forvitringa som har gått føre seg den siste tida. Den gong lokalsjukehusa låg under fylkeskommunen, var ikkje alt rosenraudt alle stader heller, men dei hadde eiga styring sprunge ut av den profesjonen dei skulle ta i vare.

Vedtak om helse var opne, ikkje som no når byråkratar legg føringar i løynd som lojale styre strør sand på utan heilt å skjøne konsekvensar av det dei gjer. Min eigen lege brukar no til dømes meir tid til å stire på PC-skjermen sin enn på meg etter at han vart fastlege. Men stå på alle som kan, ute blant folk er det ei gryande forståing for at Helse-Noreg er på feil spor. Både Skottland og New Zealand som prøvde seg på eit liknande system som det vi har i Noreg, har for lengst forlate dette. Ting kan snuast om viljen er til stades.

Anbefalte artikler