Old Drupal 7 Site

Nokre ord om argumentasjonen til Malt

Leif Halvard Silli Om forfatteren
Artikkel

Ved lesing av Ulrik Fredrik Malt sine merknader til artikkelen om 22. juli-saka som Alv A. Dahl hadde i nr. 12 – 13/2013 (1), er det vanskeleg å ikkje feste seg ved kor stor vekt Malt legg på ulike former for formell autoritet og kor lite plass han gjev til opne data som lesaren sjølv kan verifisere.

  • Malt var til stades i lukka rett. Det var ikkje Dahl. Inga norsk rettssak har vore so breitt kringkasta og referert som Anders Behring Breivik-rettssaka. Likevel meiner Malt at vi som lesarar bør tilleggje dette stor vekt.

  • Sidan det er ICD-10 som gjeld i Noreg, er DSM-IV automatisk irrelevant, meiner Malt. Kva då med at Oslo tingrett, i og med oppnemninga av Aspaas og Tørrissen, og utifrå ein uttalt motivasjon om å få saka best mogeleg opplyst, braut med det forventa og sedvanlege? Den spalteplassen Malt trass alt nyttar på fagleg forsvar for ICD-10, gjev ymt om at han kanskje ser at formalisme ikkje er noko overtydande argument.

  • Med tilstrekkjeleg psykiatrisk opplysing av saka hadde dei psykiatriske ekspertane landa på same synspunkt som Malt. Ved slik å rette merksemda mot kor presis psykiatrien visstnok er, feiar Malt diagnoseusemja i rettssalen under teppet. Det vert noko å trekkje på skuldrene av. Eit uheldig unnatak. Harmoniseringsmodellen frå Malt står òg i kontrast til aktor Inga Bejer Engh, som i Aftenposten bad Per Egil Hegge om å «akseptere at det var ulike faglige oppfatninger av Behring Breiviks tilregnelighet» (2).

Alv Dahl framstår fyrst og fremst som tekstlesar. Han har lese dokumenta, domen og rapportane, og påviser ulikskapar, hol og manglar i dei. Og sidan publikum lett kan etterprøve Dahl (ved sjølve å lese dei same tekstene), ter argumentasjonen seg som open.

Malt kunne ha ettergått og eventuelt korrigert Dahl si lesing. I staden nyttar han spalteplassen til å insinuere om Dahl sin agenda og faglege isolasjon. Dermed framstår kommentaren frå Malt som ei avsporing.

Anbefalte artikler