Old Drupal 7 Site

Har helsepolitikken hamna på eit sidespor?

Henry Lie Om forfatteren
Artikkel

Eg har lese både lederartikkelen til Charlotte Haug (1) og kommentaren til Torgeir Bruun Wyller med stor interesse. Som pasient og samfunnsdebattant har eg nokre synspunkt på forholdet mellom kvalitet og kostnader.

Den siste tida har det vore stor merksemd på helsevesenet, men det heile har utvikla seg til ein overbodspolitikk. Faren med dette er at ein misser oversikta og hamnar på eit sidespor.

Som pasient har eg opplevd godt fagleg handverk gjennom kontakt med ulike offentlege og private institusjonar, men eg har også opplevd ein del skjemmande utvekstar i form av arrogante og sjølvopptekne medarbeidarar. 

For meg som pasient lyt eg finne meg i at ting kan ta tid. Det er ok når mine plager ikkje er verre enn at eg kan vente, men ikkje om folk med alvorlege, livstrugande plager ikkje får hjelp. Difor ser eg eit akseptabelt offentleg helsetilbod som heilt naudsynt. Pasienten må heile tida prioriterast, og helsevesenet må organiserast som ein solidarisk institusjon. 

Nokre politiske parti ser på drift av sjukehus som om det er ein bilfabrikk ein driv. Dette er heilt forkasteleg, og me må gjere alt me kan for å komme ut av dette feilsporet. Ein må kunne ha fleire tankar i hovudet samstundes, noko som betyr at kravet til økonomiske utteljingar heile tida må vere under kontroll. Det må vere jamvekt mellom kva det skal koste, og kva ein får att, basert på ein samfunnsøkonomisk, og ikkje privatøkonomisk, modell. Difor har eg ikkje noko imot at det vert oppretta private sjukehus, men det må vere eit offentleg ansvar å drive eit helsevesen, så får private vere eit supplement.

Anbefalte artikler