I september 2013 vedtok Det medisinske fakultet i Oslo ein ny, revidert studieplan for medisinstudiet, og fakultetsstyret vedtok med sju mot to stemmer at karaktersystemet for det reviderte studiet skal ha graderte karakterar, med høve til å bruke bestått/ikkje bestått i enkelte emner (1). I artikkelen "Skittent spill rundt innføring av karakterer", som er publisert i Tidsskriftet, kjem medisinstudent Christoffer Smith med ei rekkje påstandar om prosessen fram til vedtaket. Han hevdar mellom anna at Det medisinske fakultet har brote § 4-4 i universitets- og høgskulelova om studentrepresentasjon, noko som ikkje er korrekt ifølgje juridisk ekspertise ved vårt universitet.
Reglane i lova gjeld vedtaksorgan. Realiteten er at fakultetsstyret som er fakultetet sitt øvste vedtaksorgan, har ein studentrepresentasjonen på over 20% (to av ni medlemar er studentar). Fakultetetstyret oppnemnde ei styringsgruppe for revisjonsprosjektet, og i denne gruppa har studentrepresentasjonen vore på 20% (ein av fem medlemar). Då gruppa blei utvida, blei det oppnemnd ein ekstra student, slik at studentrepresentasjonen blei 25%.
I ein tidleg fase av arbeidet med revisjonen blei det sett ned ei arbeidsgruppe, og det blei sidan sett ned ei prosjektgruppe. Desse gruppene har ikkje hatt status som vedtaksorgan, men hadde i oppdrag å utrede og kome med forslag til løysingar. Då gruppene blei sett ned, blei det lagt vekt å sikre brei representasjon frå lærarstaben. Involvering og dialog med studentene har vi søkt å ta ivare på ei rekkje måtar i dette arbeidet. Eg er derfor heilt trygg på at vi i denne prosessen har gått fram på ein måte som har vore fullt ut i samsvar med lova og god forvaltningsskikk.
FrodeVartdal
frode.vartdal@medisin.uio.no
Frode Vartdal (f. 1949) er dekan ved Det medisinske fakultet, Universitetet i Oslo, frå januar 2011 og er professor i immunologi frå 1990