Old Drupal 7 Site

Lækjarrollen

Henry Lie Om forfatteren
Artikkel

I Tidsskriftet nr. 21 skriv Erlend Hem om lækjarrollen (1). Eg håpar at dei fleste unge som skal velge karriere ser at det er meir enn karakterar frå skulen som er avgjerande kva ein vel for yrkesveg. Det trur eg ikkje var tilfelle før – det er berre å fylgje mange av dei som utdannar seg til dette yrkjet fordi far eller mor og andre i familien gjekk denne vegen.

Eg har hatt mine ulike hendingar, knytta til sjukehus og fastlækjarar. Dei fleste er positive, men det er store skilnader. Etter mi mening burde enkelte som utdannar seg i denne retninga, absolutt valt ei anna yrkeskarriere. Det er litt for mange som er oppteken av eigen status og set andre enn pasienten først.

Eg har ikkje så store kunnskapar omkring kva ein krev av ein som vil utdanne seg til lækjar, men føler at det kanskje vert lagt for lite vekt på kva det vil seie å arbeide med menneske. Mitt inntrykk er også at ein arbeider for dårleg med vurderingar under heile utdanninga.

Anbefalte artikler