Old Drupal 7 Site

Re: Ruset i ord

Øyvind Watne Om forfatteren
Artikkel

I Tidsskriftet nr. 5/2014 drøfter Hem om ein skal nytte nemninga rusmisbrukar eller rusmiddelmisbrukar (1). Eg vil argumentere for å skrote bruken av begge orda.

Orddelen «mis» har etter mitt skjøn eit moralistisk element. Bruken av ordet peiker mot at noko er gjort feil eller gale, jamfør misdåd eller mistyding. ICD har meir nøytrale, deskriptive nemningar for å kategorisere lidingar relaterte til rusbruk, til dømes skadeleg bruk (F1x.1) eller avhengnad (F1x.2).

Eg oppfattar at det å karakterisere pasientar utelukkande med lidinga si er på veg ut. Det er ikkje berre utviklinga i dagkirurgi som gjer at ein ikkje lenger snakker som «brokket i 3-senga på 213». Lat oss også innafor medisin elles snakke om «pasient med rusliding», eller rusmiddelbrukar eller rusmiddelavhengig, som Hegge tek til orde for (2). Nemningane Hem drøfter bruken av, treng vi ikkje i fagleg samanhang.

Anbefalte artikler