Old Drupal 7 Site

Minneord

Hans Olav Tungesvik Om forfatteren
Artikkel

Kolbjørn Øygard

Kolbjørn Øygard frå Sauda, tidlegare fylkeslege i Finnmark, sovna stille inn på Haugesund sjukehus søndag 12.1. 2014, 86 år gamal.

Med Kolbjørn Øygard er ein pioner i utviklinga av helsetenesta i Finnmark gått bort. Han var distriktslege i Kautokeino i tida 1958 – 65, og undervegs samla han viktig kunnskap om offentleg helseteneste både i Helsedirektoratet her heime og i London. Han var den første legen som skaffa seg eigen beltebil for å nå ut til pasientar på avsidesliggjande stader på Finnmarksvidda.

Etter eit par år som assisterande fylkeslege i Vest-Agder vart han fylkeslege i Finnmark i 1968, ei stilling han stod i fram til 1978. Her gjorde han ein banebrytande innsats med rekruttering av legar og med skolering og samarbeidsopplegg for helsepersonell frå heile fylket. Den årlege samlinga for alt personell var høgdepunkt ingen av oss som fekk vere med vil gløyme.

Han stod òg i brodden for den store helseundersøkinga med tanke på hjarte- og karsjukdomar i Finnmark, og han var drivkrafta i den store etterundersøkinga av personell frå Alta Bataljon, som hadde stått i kampane om Narvik i 1940. Si siste teneste som yrkesaktiv hadde han som vernesjef ved Sauda Smelteverk.

Innsatsen som fagperson var viktig, men vel så viktig var hans rause veremåte og hans formidling av ei uslitande tru på menneskeverdet i alle samanhengar. Her var han klår og prinsippfast, og han var ikkje redd for å stå fram for dei sakene han trudde på. Det gjekk så langt at han vart fråteken ein del oppgåvene som fylkeslege fordi han ikkje kunne fylgje ei av føreskriftene til abortlova, som han meinte gjekk på menneskeverdet laus.

Kolbjørn Øygard fekk Kongens fortenestmedalje i gull.

Som fylkespsykiater i Finnmark 1975 – 77 fekk underskrivne fylgje idealisten Kolbjørn Øygard på nært hald frå dag til dag. Det var ei stor glede.

Fred med hans gode minne.

Anbefalte artikler