Kommentar
RE: Kan leger ledes?
Politimeister Ole Bredrup Sæverud spør i sitt siste spørsmål om korleis ein kan få ein lydig organisasjon (1). Eg trur denne formuleringa har i seg essensen av kvifor kunnskapsarbeidarar må og bør leiast annleis enn andre. Kvifor etterspør du lydnad istadenfor lojalitet? Lydnaden er blind - lojaliteten alltid tenkande, alltid klar til å vurdere den einskilde situasjonen – kvalitetar du so rett ser behov for i helsevesenet som i politivesenet. Likevel endar du opp med å spørje etter lydnad.
For ein leiar gjer lydnad den rutineprega dagen lett. Men den dagen det brenn? Lojaliteten er det som får ein organisasjon til å fungere. Lojalitet til verdiar og mål for tenesta. Lojaliteten er ikkje ulydig, like lite som den er blind. Klarar politimeistaren å svare på kvifor han ynskjer seg lydnad foran lojalitet, so kjem vi kanskje litt nærmare dei skilnadane i tenkemåte som so sterkt synest å skilje kunnskapsarbeidaren frå leiaren - i politivesenet som i helsevesenet.
Litteratur
1. Sæverud OB. Kan leger ledes? Tidsskr Nor Legeforen 2014; 134:1204
Tidsskrift for Den norske legeforening, Postboks 1152 Sentrum, 0107 OSLO
Sentralbord: 23 10 90 00 • E-post: redaksjonen@tidsskriftet.no
Sjefredaktør Are Brean • Tidsskriftet redigeres etter redaktørplakaten