Old Drupal 7 Site

Utvalgt arbeidssted: Helse Møre og Romsdal

Artikkel

Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal.

Helikopter tar imot «pasient» under øvelse. Foto: Helse Midt-Norge RHF

Helseføretaket er den største arbeidsgjevaren i fylket, med om lag 4 150 årsverk fordelt på meir enn 6 300 tilsette. Vi gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern, og gir tenester på lokalsjukehusnivå og med særleg kompetanse innan fleire fag.

Det er stor geografisk spreiing av institusjonane i Helse Møre og Romsdal. Organisasjonen består av Volda sjukehus, Ålesund sjukehus, Molde sjukehus og Kristiansund sjukehus med ei rekke mindre institusjonar kring desse: Nevrohjemmet rehabiliteringssenter, Mork rehabiliteringssenter, Aure rehabiliteringssenter, Volda DPS, Sjøholt DPS, Ålesund DPS, Molde DPS/Knausensenteret og Kristiansund DPS med poliklinikk Halsa. Helseføretaket har også ansvaret for ambulanse- og nødmeldetenesta i opptaksområdet. Føretaksadresse og hovudadministrasjon er i Ålesund.

Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere «På lag med deg for helsa di».

Anbefalte artikler