Old Drupal 7 Site

Utvalgt arbeidssted: Haukeland universitetssjukehus

Artikkel

Haukeland universitetssjukehus, Helse Bergen, har om lag 11 800 tilsette som kvar dag har som mål å gje best mogleg behandling og pleie til pasientane.

Operasjonssjukepleiestudentar ved Haukeland universitetssjukehus. Foto: Haukeland universitetssjukehus/Helga Maria Sund

Dei tilsette er den viktigaste ressursen. Sjukehuset arbeider for å knyte til seg dei beste fagfolka og vil legge til rette for at alle tilsette skal trivast og yte sitt beste. Visjonen for Helse Bergen er å fremme helse og livskvalitet i vest. Dette skjer gjennom å vise respekt i møte med pasienten, sørge for kvalitet i prosess og resultat og gjere pasientane trygge på at dei får tilgjengelegheit og omsorg.

Dei overordna måla er:

  • trygge og nære helsetenester

  • heilskapleg behandling og effektiv ressursbruk

  • ein framtidsretta kompetanseorganisasjon

Kvart år behandlar sjukehuset nesten 600 000 pasientar og utdannar eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og her er Noregs nest største medisinske forskingsmiljø.

Helse Bergen er ein arbeidsstad der du får gode moglegheiter for både fagleg og personleg utvikling. Det er eit stort mangfald av yrke og jobbar som skal til for å oppfylle visjonen om å fremme helse og livskvalitet til befolkninga i vest.

Idrettslag

Haukeland sykehus idrettslag (HSI) har i dag om lag 1 500 medlemmer, fordelt på 27 grupper. Eit felles mål for Helse Bergen og idrettslaget er å førebyggje og fremje helse ved å tilby trening og aktivitet til dei tilsette. Det er eit mangfaldig tilbod, blant anna fotball, handball, aerobic, orientering, innebandy, volleyball, turgruppe, friidrett, golf og styrketrening.

Barnehagane

Helse Bergen har fem barnehagar som er spesielt lagt til rette for dei som jobbar i føretaket og har barn. Alle som er tilsett i Helse Bergen, eller som skal starte i ny stilling i føretaket, kan søkje om barnehageplass.

Anbefalte artikler