Old Drupal 7 Site

Utvalgt arbeidssted: Haukeland universitetssjukehus

Artikkel

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har om lag 11 800 tilsette som har som mål å gje best muleg behandling og pleie til pasientane.

Tilsette ved Haukeland universitetssjukehus tek seg ein velfortjent pause. Foto: Haukeland universitetssjukehus/Helga Maria Sund

Dei tilsette er den viktigaste ressursen vår. Vi arbeider for å knytte til oss dei beste fagfolka og vil legge til rette for at alle tilsette skal trivast og yte sitt beste.

Visjonen for Helse Bergen er å fremme helse og livskvalitet i vest. Dette skal vi gjere gjennom å vise respekt for pasienten, sørge for kvalitet i prosess og resultat og skape tryggleik for tilgjenge og omsorg.

Slik skal vi oppnå dei overordna måla våre, som er

  • Trygge og nære helsetenester

  • Heilskapleg behandling og effektiv ressursbruk

  • Ein framtidsretta kompetanseorganisasjon

Kvart år behandlar vi nesten 600 000 pasientar, og vi utdannar eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er Noregs nest største medisinske forskingsmiljø.

Helse Bergen er ein arbeidsstad med gode tilhøve for fagleg og personleg utvikling. Det er eit stort mangfald av yrker og jobbar som skal til for å oppfylle visjonen vår om å fremme helse og livskvalitet for befolkninga i vest.

Idrettslag. Haukeland sjukehus idrettslag (HSI) har i dag om lag 1 500 medlemmer, fordelt på 27 grupper. Eit felles mål for Helse Bergen og HSI er å støtte førebyggjande og helsefremjande arbeid ved å tilby tilsette trening og aktivitet.

Vi har eit mangfaldig tilbod, blant anna fotball, handball, aerobic, orientering, innebandy, volleyball, turgruppe, friidrett, golf og styrketrening.

Barnehagane. Helse Bergen har fem barnehagar som er spesielt tilrettelagt for tilsette med barn som jobbar i føretaket. Alle som er tilsett i Helse Bergen, eller som skal starte i ny stilling i føretaket, kan søkje om barnehageplass.

Anbefalte artikler