Old Drupal 7 Site

Legar må bidra i medisinsk grunnutdanning

Marit Halonen Christiansen Om forfatteren
Artikkel

Ingen trur ein kjem ut frå universitetet og kan alt ein treng for å vere lege gjennom livet. Faget veks, endrast og krev livslang læring. Heldigvis. Grunnutdanninga er grunnmuren i legeyrket. Korleis kan vi alle bidra til at grunnmuren passar til morgondagens bygg?

Sentralstyret i Legeforeninga satte våren 2014 ned ei gruppe som skal arbeide med den medisinske grunnutdanninga (1).

Vi legar har unik kjennskap til det norske helsevesenet. Gjennom dei fagmedisinske foreningane deltek norske legar i den internasjonale fagutviklinga. Begge delar kjem utdanninga av legar i spesialisering til gode. Det er både rett og rimeleg at den same kunnskapen skal komme grunnutdanninga til gode.

Det er i dag fire medisinske fakultet i Noreg. Dei gjer alle ein god jobb. Like fullt er det ikkje fånyttes at Legeforeninga engasjerer seg i temaet. Eg meiner vi kan bidra til å gjere undervisninga enda betre. Gruppa har arbeidd i eitt år no. Vi har gode diskusjonar med fakulteta, og på mange område tenkjer vi likt – kommunikasjon og rådgjeving er kjerneelement i god utdanning.

På andre område er vi usamde – her kan vi bidra med konstruktiv kritikk og tilbakemeldingar. Nokre arenaar har Legeforeninga tilgong til, men ikkje fakulteta. Der kan vi ta ordet og minne om at undervisning faktisk er viktig og må prioriterast.

Gode kliniske læringsarenaar

Korleis kan ein leggje til rette for god klinisk undervisning? Kanskje bør studentane være utplasserte lenger på kvar stad? Undersøkingar syner at turnuslegar meiner dei får større læringsutbyte ved små sjukehus (2). Dette er òg tilbakemeldinga frå studentar. Her blir praksisperioden på den einskilde avdelinga ofte lenger. Vi veit at studentar lærer best i trygge rammer (3). På små sjukehus er der kun ei medisinsk avdeling – då er ein der i alle vekene ein er utplassert. Ein veit kvar morgonmøtet er, korleis visittgangen er og kven det er bra å vere med på poliklinikken.

Som lege ved avdelinga veit du at Hanna og Hans skal vere der i seks veker og at Hanna godt kan være med på poliklinikken kvar torsdag. Hans kan ta imot den pasienten åleine – han er grundig og ber om hjelp når det trengs.

Det kan være meir utfordrande på større sjukehus. Den studenten som var her i førre veke – skulle ho vore her no eller er ho kanskje på obligatorisk undervisning? Kva var det ho heitte? Du anar jo ikkje om ho har tatt imot ein pasient før, så det er like greitt å gjere det sjølv. Det er ingenting strukturelt i vegen for lengre tilknytning til ei avdeling på store sjukehus.

Det vi skulle hatt betre høve til, er klinisk undervisning på andre arenaar, til dømes i primærhelsetenesta. Skal ein kunne satse på samhandling, førebygging og tidleg intervensjon, må studentane sjå pasientane der ute. Her er det imidlertid finansielle hinder – fakulteta har ikkje fri råderett over alle pengane som går inn i utdanninga av ein medisinstudent. Kvar lege kan ta ansvar for enkeltstudenten på avdelinga, medan Legeforeninga kan bidra til få merksemd kring finansieringa av klinisk praksis.

Kvaliteten på undervisninga

«Doktor» kjem frå det latinske docere, «å undervise». Som medisinen er pedagogikken eit eige fag som må lærast. Gruppa meiner det må bli større fokus på den pedagogiske kompetansen til dei som driv undervisning. I tillegg må ein ha større grad av studieleiing. Eit velkjent problem for studentar er privatisering av undervisninga – ein førelesar underviser om det ho eller han meiner er viktigast. Om ingen har oversikt, risikerer ein at nivået blir feil, at ein får parallelldekking eller at temaet rett og slett ikkje er viktig «nok» til å kome inn i grunnutdanninga.

Det samme får vi tilbakemeldinger om frå kliniske lærarar – dei veit ikkje heilt kva som er venta av dei av undervisninga. Det er lagt større vekt på studieleiing på fakulteta i dei reviderte studieplanane, men vi legar kan òg ansvar. Eg hugser ein av mine kliniske lærarar frå studiet i Irland som gledestrålande utbraut: «Go see this patient in ward Y – you’ll never see it again in your life!» Gleda over den medisinske einhjørningen må ein aldri miste, men den må ikkje få fortrenge kunna om hjarteinfarkt, svangerskapsdiabetes og kols.

Undervisning bør gje status

«En knallgod foreleser bør behørig belønnes for sitt talent, mens enkelte forskerkometer bør kunne få forske morgen, middag og kveld», skriv Eva Grinde i Dagens Næringsliv (4) som eit forslag til løysing på ei av utfordringane utdanningssektoren står overfor. Dette meinar vi i gruppa også bør gjelde ved dei medisinske fakulteta. Slik systemet er i dag, er løna til legar som underviser ved fakulteta stort sett basert på forskningspublisering. Vi snakkar om «forskningsfri» og «undervisningsplikt».

Studentane er investering i framtida vår. Rammene for klinisk undervisning er stramme. Undervisning har ikkje ein DRG-kode, og tida strekk ikkje til. Vi kan likevel bidra ved å hugse på at dette er ein del av jobben vår, som må og skal ha plass i ein pressa kvardag. Dei av oss som er tillitsvalde, kan forsøke å få dette med i lønnsoppgjer og omleggingar. Vi kan alle tipse om dei flinke underviserane og soleis få fram at dette er viktig. Og, gode kollega, er det ein student i rommet, driv du undervisning. Truleg lærer du noko av det, du òg.

Anbefalte artikler