Old Drupal 7 Site

Re: Når pasienten er jorden

Magnus Valland Om forfatteren
Artikkel

Endeleg! Les redaktør Are Brean sin leiar i Tidsskriftet nr. 22/2015. Endeleg ein kollega som ser lenger enn lengda på sitt eige stetoskop. Lærdomen frå byrjinga av medisinstudiet verkar å gå i gløymeboka for mange av oss. God helsa tuftar på reint vatn, frisk luft, inntak av sunn næring, rørsle i urørd natur og skjerming frå skadelege stoff. Diverre er dette noko som ikkje generera den store inntekta, og vert langsamt fjernare frå vår kliniske kvardag.

Den mest elegante medisin, er førebyggjande medisin. Den har få biverknadar, enkle grep kan gje stor helsevinst, det kostar lite. Me talar om god helse, men for kven? Og for kor lenge?

Som siviløkonomistudent vart eg skuffa over mangel på etikk i pensum, og slutta. Som medisinstudent, vart eg skuffa over mangel på miljøvern – men fullførde.

«Det grøne skiftet» – årets nye omgrep. Vår profesjon bør og skal stå fremst i kampen for å minimera eit irreversibelt fottrykk for borna og komande generasjonar. Er du lækjar, er du miljøforkjempar. Me er førebilete i lokalsamfunna, og for vener. Bruk sykkelen, køyr saman, ta toget. Tillitsvaldkurs med lækjarforeininga i Gdansk? Nei takk. Kvifor ikkje kurs på Finse?

Til kreftkongress i USA – for ein ironi.

Med ein redaktør som no tør å fremja problemstillinga, bør me vera me å halda ballen oppe og sparke den høgt mot ein blå himmel. Ei utfordring til dekanane, kollegaene, tidsskrift og foreininga – dette er framtida. Dette er god helse. Dette er god medisin.

Anbefalte artikler