Old Drupal 7 Site

Re: Bruk av snus og røyketobakk hos gravide i Agder

Martinus Løvik Om forfatteren
Artikkel

Artikkelen Bruk av snus og røyketobakk hos gravide i Agder i Tidsskriftet nr. 16/2016 (1), leiarartikkelen i same nummer (2) og Folkehelseinstituttets risikovurdering av snus frå 2015 som vert sitert, nemner ikkje auka risiko for astma hos barnet som ein effekt av nikotinbruk under svangerskapet.

Det er godt dokumentert at røyking under svangerskapet aukar risikoen for astma hos barnet (3). Vidare, bestemors røyking medan ho gjekk gravid med mor, auka risikoen for astma hos barnebarnet om lag like mykje som mors røyking under svangerskapet (4). Vi har her å gjere med epigenetiske effekter over generasjonane. I placenta og lungevev frå foster frå røykande mødre er det påvist epigenetiske endringar som var spesielt hyppige i gen som hadde relasjon til astma og immunsystemet (5).

I ein eksperimentell studie førte perinatal nikotineksponering til astma ikkje berre hos avkommet, men også hos F2-generasjonen, altså hos «barnebarna» til dei nikotin-eksponerte dyra (6, 7). Effektene av nikotin på lungeutviklinga hos ulike dyreartar (mus, rotte, sau, ape) er svært like, og verknaden på mennesket er neppe annleis (3). Dei molekylære mekanismane for at nikotin fører til astma er kjende (8 – 10). Dette aukar sannsynlegheita for at nikotin i fosterlivet kan føre til astma også hos menneskebarn. Dette blir understreka i to nylege kommentarartiklar i førande tidsskrift (3, 10).

Nikotineksponering i svangerskapet kan med stor sannsynlegheit vere årsak til astma hos kommande generasjonar. Gravide bør derfor unngå alle former for nikotintilførsel, også snus.

Anbefalte artikler