Old Drupal 7 Site

Eiliv Brenna Om forfatteren
Artikkel

I Tidsskriftet nr. 20/2016 spør to «tittelforvirra medisinstudentar» om doktor kan brukast synonymt med lege (eller lækjar), og i svaret frå Erlend Hem blir dette stadfesta som rett (1). Så enkelt er det nok ikkje, i alle fall ikkje på nynorsk som er målforma som er nytta av spørsmålsstillarane. På nynorsk tyder doktor ein som har teke den akademiske graden som ein kallar doktorgraden (1). Ein treng m.a.o. ikkje å vera medisinar for å vera doktor. Derimot er ordet dokter (med -e-) synonymt med lege/lækjar (2). Dette svarar godt til uttalen som folk flest brukar om dokter i tydinga lege/lækjar. Men det er vanleg å forkorte både dokter og doktor med dr. På bokmål, derimot, blir doktor (noko overraskande for meg) brukt både om ein som har doktorgrad og om ein som er lege/lækjar (3).

Anbefalte artikler