Kommentar
"Pjusk eller syk"- viktig om sjukdom
I artikkelen "Pjusk eller syk" i Tidsskriftet beskriv Per Anders Nordengen det aukande fokuset på sjukdom i dagens samfunn, og skildrar måten me som legar er med på å overdiagnostisere det som før vart rekna som "kvardagslege" ulikheiter mellom menneske.
Som framtidig lege tykkjer eg det er utruleg viktig å reflektere over denne utviklinga, og å ta det med seg inn i arbeidskvardagen. Sjølvsagt er mange folk sjuke, det trur eg også Nordengen er einig i, men ein ser altfor ofte at normale reaksjonar på livets utfordringar blir satt ein diagnosestempel på. Eit sitat frå artikkelen, som eg kjem til å prøve å ha med meg i tankane vidare i mi karriere, er at å ha det vondt ikkje er livets hovedfarge, men allikevel er det av og til ein av livets fargar.
Takk, Per Anders Nordengen, for at du torer å ta opp dette viktige temaet!
Tidsskrift for Den norske legeforening, Postboks 1152 Sentrum, 0107 OSLO
Sentralbord: 23 10 90 00 • E-post: redaksjonen@tidsskriftet.no
Sjefredaktør Are Brean • Tidsskriftet redigeres etter redaktørplakaten