Ottestad og medarbeidarar skriv i Tidsskriftet nr. 23 2016 om prehospital torakotomi ved traumatisk hjartestans (1). Leiar i Norsk kirurgisk forening, Inge Glambek, har kommentert denne artikkelen.
Det førre styret i Norsk anestesiologisk forening (NAF) ynskte å sikre eit rammeverk kring prehospitale naudprosedyrar (inkludert torakotomi ved traumatisk hjartestans), og la fram eit tilrådingsbrev for årsmøtet i NAF i oktober 2015. Etter diskusjon konkluderte årsmøtet med at saka burde utgreiast nærare. Det nye styret i NAF sende difor 31.01.16 ut eit høyringsbrev. Etter høyringsrunden (med sterkt sprikande tilrådingar) arrangerte Nasjonal kompetansetjeneste for prehospital akuttmedisin (NAKOS) eit fagmøte på Ullevål 03.11.16 med dette som tema. Der kom mange aktørar til orde, utan at ein kom fram til noka semje.
Etter dette fagmøtet fekk styret i NAF med seg NAKOS og Nasjonal kompetansetjeneste for traumatologi (NKT), og sende ein førespurnad til sekretariatet for "Bestillerforum RHF" om å få gjort ei nasjonal metodevurdering i denne saka. Slik kan vi få gjort ei fagleg vurdering også av ein «nøytral» instans.
Deler av det prehospitale miljøet er klart for å innføre prehospital torakotomi som ein prosedyre som på gjevne indikasjonar kan utførast (1), medan Norsk kirurgisk forening og Nasjonal kompetansetjeneste for traumatologi i klare ordelag har gått imot (2). Det er ikkje til å leggje skjul på at det er ulike syn også internt i NAF i denne saka, noko som kom fram både på årsmøtet og fagmøtet. Styret i NAF ynskjer difor å sjå resultatet av ei nasjonal metodevurdering før vi konkluderer.
Litteratur
1. Ottestad W, Bredmose PB, Berve PO et al. Prehospital torakotomi ved traumatisk hjertestans. Tidsskr Nor Legeforen 2016; 136:1964-5
2. Høringsuttalelse fra Norsk kirurgisk forening (NKF) og Nasjonal kompetansetjeneste for traumatologi (NKT traume) vedrørende prehospital clam-‐shell thoracotomi utført av anestesileger 28.3.2016. http://traumatologi.no/wp-content/uploads/2014/11/Prehospital-thorakotomi-høringssvar-NKT-T-og-NKF1.pdf (24.1.2017)