Old Drupal 7 Site

Hans Ekeland Grønås

Olav O. Holen, Karsten Nordal Om forfatterne
Artikkel

Vår gode ven og kollega Hans Ekeland Grønås døde 29. mai 2017, 83 år gamal. Døden kom nok ikkje uventa på han – helsa hadde skranta ei tid. Han klaga ikkje, men var open på at når som helst kunne livsreisa vere slutt. Og han gjekk med frimot døden i møte.

Hans vart fødd i Mosterhamn, gjennomførte legestudiet i Oslo og Bergen, hadde turnusteneste i Torsken kommune, vidare i Stavanger og Bodø før han kom til Øre-nese-hals-avdelingen ved Rikshospitalet. Frå 1970 og fram til pensjonsalder har han vore overlege ved Øre-nese-hals-avdelingen i Kristiansand. Han vart raskt kjend som ein dyktig fagmann og eminent øre-nese-hals-kirurg. Saman med kona, Aud Margareth, bygde han opp ein vakker og gjestfri heim med ein fin barneflokk.

Hans var open og frittalande, rett på sak. Men hans litt barske vestlandshumor kunne ikkje skjule hans store omsorg og vilje til å hjelpe der det trongst, noko som særleg kom til uttrykk gjennom hjelpearbeidet hans i Afrika. Dette kom i stand etter ei feriereise til Gambia, der han såg kor ille gatebarna hadde det, særleg dei med funksjonshemningar. Det var mange døvstumme der, og ei katolsk kyrkje i området forsøkte spesielt å hjelpe desse. Hans begynte straks å støtte arbeidet – økonomisk og ved å samle inn medisinsk utstyr og det som trongst mest.

Hjelp fekk han, først av privatpersonar, seinare av organisasjonar som Fremtiden i våre hender, og dei siste ti åra også frå Norad. Han heldt fram med innsamling av teknisk utstyr, høyreapparat etc. og fann lokale til døveskole, som kom i drift og var i godt gjenge då staten etter kvart tok over. Også Norad oppfatta prosjektet som svært vellykka. Etter kvart fekk han også hjelp av kollegaer. Desse har fortsatt arbeidet etter at Hans måtte avslutte, og dei har også fått bygd opp eit eige sjukehus der dei foretek operasjonar, til dømes leppe-ganespalteoperasjonar («Facing a child»).

Gjennom 18 år fylgde Hans opp arbeidet til han såg at døveskolen var i godt gjenge og overtatt av staten. Utanom innsamlingsarbeidet reiste han 2 – 3 veker kvart år ned og hjelpte til – alltid på eiga rekning og eiga fritid og av og til med kona som hjelpar. Det var til stor glede for han å sjå at fleire frå døveskolen som vaksne vart veltilpassa og kom i fullt arbeid.

Hans kom, som vaksen, etter kvart fram til eit gjennomtenkt kristent livssyn, noko som var med og prega livet hans. Hans faste kristentru var nok ei god støtte for han, ikkje minst då helsa etter kvart tok til å skrante. Men han klaga ikkje og kunne til det siste – for å sitere Vinje – tale «med skjemt om sine sår».

Når så livsreisa hans tok slutt, kom det uventa på oss, ikkje på Hans. Han gav grei melding, på sjukehuset, om at han ikkje ville ha gjenoppliving. Tida som pasient vart kort. Då han ved reiseslutt tykte det vart hektisk blant sjukehuspersonalet, tok han vekk surstoffmaska og sa: “Ikkje kav – det er over no”. Så sovna han roleg inn, med sine nære rundt senga.

Hans vil bli sterkt sakna. Vi tenkjer på Aud og familien, og vi lyser fred over minnet hans.

Anbefalte artikler