Old Drupal 7 Site

Flåttoverførte infeksjonar i Sogn og Fjordane

Reidar Hjetland Om forfatteren
Artikkel

Flåttbitt og positiv borreliaserologi er vanleg hos friske blodgivarar i Sogn og Fjordane, men ser ikkje ut til å medføre kroniske helseplager.

Foto: Helse Førde

Den vanlegaste flåttoverførte infeksjonen i Noreg er grunna bakterien Borrelia burgdorferi, men også skogflåttencefalitt (tick borne encephalitis) og human granulocytær anaplasmose er dei seinare åra påvist i landet.

I doktorgradsprosjektet mitt vart serum frå vel 1 200 blodgivarar frå dei fire blodbankane i Sogn og Fjordane undersøkt for flåttoverførte infeksjonar. Ulike risikofaktorar samt subjektive helseplager vart kartlagt via eit spørjeskjema. Eg fann at om lag ⅔ av deltakarane hadde hatt flåttbitt. Knapt ⅓ hadde hatt flåttbitt i løpet av det siste året. Blodgivarane frå indre del av fylket rapporterte færrast bitt. Tal på flåttbitt auka i takt med kor mykje deltakarane hadde vore ute i skog og mark i sommarhalvåret. Blant dei yngre var det flest flåttbitt hos menn. Hos dei over 50 år var det flest flåttbitt hos kvinner. Totalt 9,6 % hadde IgG-antistoff mot borreliabakterien. Dette er lågare enn kva som er rapportert frå Agder-fylka i sør. Førekomsten auka med alderen og var høgst hos menn. Vi samanlikna også ulike testar for borreliaantistoff. 

Ingen ikkje-immuniserte hadde spesifikke antistoff mot skogflåttencefalittvirus, og det var såleis ikkje haldepunkt for at skogflåttencefalitt finst i denne delen av landet. Totalt 16,2 % hadde antistoff mot bakterien Anaplasma phagocytophilum. Dette tyder på at sjukdomen human granulocytær anaplasmose finst i fylket. Vi fann ikkje haldepunkt for at personar med mange flåttbitt eller borreliaantistoff hadde fleire helseplager enn andre.

Disputas

Reidar Hjetland disputerte for dr.philos.-graden ved Universitetet i Bergen 15.9.2017. Tittelen på avhandlinga er Tick-borne infections in Sogn og Fjordane, Western Norway. Seroprevalence, risk factors and subjective health complaints in blood donors.

Anbefalte artikler