Ein treng diverre ikkje trekkja inn klimaet for å grunngje at lækjarar bør arbeida mot aukande CO2-utslepp.
Det finst fleire studiar som tyder på at hjerneverksemda blir råka allereie før CO2-nivået når 1000 ppm, som blir rekna som grensa for greitt inneklima (1, 2). Den grensa er nokså høgt sett; folk som er glade i frisk luft, luftar gjerne kring 700 ppm. (Kven som helst kan forresten skaffa seg ein CO2-målar og finna si eiga tolegrense. Ei natt med for høgt CO2-nivå gjev m.a. dundrande hovudverk dagen etter.)
CO2-nivået auka med over 3 ppm frå mai i fjor til mai i år. Det går berre éin veg, og det akselererer. Det er vel snautt omstridt. Med "business as usual" er all uteluft på jorda litt etter hundreårsskiftet som dårleg inneluft i dag (over 1000 ppm). Då er det uråd å lufta skikkeleg ut, men allereie om nokre tiår blir det vanskeleg.
Dette er vel og bra for plantelivet på jorda, men mennesket er ikkje evolvert under slike vilkår. I beste fall får vi naturleg utval, der dei som toler hete og ymse avfallsstoff best, formeirar seg meir.
Om det eg har nemnt ovanfor, stemmer, som eg vonar det ikkje gjer, er vi på veg inn i ein periode med jamt minkande intelligens på jorda. Det blir altså vanskelegare å finna løysingar på alle slags problem, medrekna dei medisinske.
Referanser:
1) Allen JG, MacNaughton P, Satish U et al. Associations of Cognitive Function Scores with Carbon Dioxide, Ventilation, and Volatile Organic Compound Exposures in Office Workers: A Controlled Exposure Study of Green and Conventional Office Environments. Environ Health Perspect. 2016 Jun. https://ehp.niehs.nih.gov/doi/full/10.1289/ehp.1510037
2) Lowe RJ, Huebner G M, og Oreszczyn T. Possible future impacts of elevated levels of atmospheric CO2 on human cognitive performance and on the design and operation of ventilation systems in buildings. Build Serv Eng Res Technol. 2018 Jul 39(6):698–711. https://journals.sagepub.com/doi/full/10.1177/0143624418790129