Har lese denne artikkelen om korleis forløpsbasert finansiering vart innført, og kva det har fått å seie for korleis helseomsorg er organisert i Noreg i dag. Har også lese innlegget frå Torgeir Bruun Wyller, som han kallar: «Ny vin i gamle skinnsekker?». No er eg kun debatant og har ingen medisinsk utdanning. Men etter å ha lese dette innlegget er det for meg stadig tydlegare at det her, som så ofte ellers, er politikk det handlar om.
Det er diverre ikkje fyrste gongen ein prøver å innføre ulike former for organisering basert på importerte system, særleg frå USA. Og ofte, slik det skjedde med forløpsbasert finansiering, vart det gjort lite og dårleg forarbeid, før det vart innført her i landet. «Det mest fundamentale problemet med ISF-systemet er at det er utviklet for en kommersiell og profittstyrt amerikansk helsetjeneste», skriv Wyller i sitt innlegg. Vidare viser han til: «Vår helsetjeneste har, i motsetning til den amerikanske, i stor grad vært basert på at helseinstitusjoner opprettes for å tjene pasientene, ikke eierne. Videre forutsetter vårt system at helsepersonell i stor grad styres av faglige og fagetiske normer, ikke av profittønske (2). Disse prinsippene har medført at skandinavisk helsetjeneste – igjen i motsetning til den amerikanske – har gitt mye helse for pengene.»
For meg er dette ei tydleg politisk omlegging. Sjukehuset har gått frå å være ein stad der du og eg vert teke vare på som pasient, til å ende opp som ein meir eller mindre intressant kunde i eit kapitalistisk system. Der ein har skapt eit marked for kapitalistiske krefter som er inretta på profitt og ikkje eit samfunn der individet står i fyrste rekke.