Kommentar
RE: Antidietten
Det er vanskeleg å hevde seg i perspektivkonkurransen når både lavkarbo, blodtype, lavFODMAP, ekspertar på eitt og spesialistar på anna hevdar å ha sanninga. Likevel vil eg slå eit slag for evolusjonen. Av alle dei vitskaplege tilnærmingane som er foreslått trur eg prinsippa bak evolusjonen er dei best funderte. Me er eit produkt av det miljøet genene våre kunne verte vidareført i. Me er alle eit produkt av måten forfedrene våre har levd, inkludert den maten dei har spist. Dei som til ei kvart tid åt usunt fekk ikkje reprodusert seg. Eit døme er arkeologiske studiar av proteinar og feittsyrer i potteskår som har gove ossmykje informasjon om kva me åt tidligare. Dette er det få legar, ernæringsfysiologar eller andre som ser ut til å interessere seg for. Titusenar års utvikling og tilpassing, seleksjon og overlevelse vil uansett trumfe allskens signifikante p-verdiar i epidemiologiske tverrsnittstudiar eller kliniske museforsøk. Viestad etterlyser legane, men kanskje er det like fruktbart å spørje ein arkeolog.
Tidsskrift for Den norske legeforening, Postboks 1152 Sentrum, 0107 OSLO
Sentralbord: 23 10 90 00 • E-post: redaksjonen@tidsskriftet.no
Sjefredaktør Are Brean • Tidsskriftet redigeres etter redaktørplakaten