Vi er einige med Kai A. Olsen om at e-reseptordninga slik den er no, gjerne kan betrast. Å bruke spalteplass på å påstå at apotektilsette er uærlege snokarar som ikkje veit å skjøtte jobben sin rett, og ikkje på å utdjupe betringsforslag meir, syns vi derimot er både krenkande og unødvendig.
Først av alt vil vi minne om at apotektilsette er helsepersonell. Det betyr at vi pliktar å følgje helsepersonellova. Det betyr at vi har teieplikt, som du påpeiker, men vi har òg, som alt anna helsepersonell, ikkje lov til å tileigne oss opplysningar om pasienten som ikkje skal brukast spesifikt for å utøve helsehjelp (jf. § 21a i helsepersonellova). Med andre ord - vi har ikkje lov til å «snoke», korkje på ektefelle, kjærast eller andre personar. Det verkar som om du manglar tillit til at apotektilsette følgjer denne paragrafen, og det er ei ganske grov skulding. Vi er einige i at avviksmeldingane ein kan velje mellom når ein ikkje lastar ned ein e-resept, i mange tilfelle ikkje er spesifikke nok. Dette fører til at ein har lett for å velje «Anna årsak» i fleirparten av tilfella, til dømes når ein pasient kjem for å hente ein ny resept og denne ikkje er blitt sendt ut frå legekontoret enda. Det er då viktig at leverandøren som har ansvaret for e-reseptsystemet får tilbakemelding frå apoteka om dette, slik at systemet kan betrast, og personvernet betre ivaretakast.
Vi må òg få minne om at som helsepersonell har vi eit ansvar for å ivareta pasienttryggleiken. Då er det ein fordel å kunne sjå heile lista med legemiddel slik at farmasøytane lettare kan oppdage potensielt uheldige kombinasjonar av legemiddel, samt kunne tilpasse informasjonen pasienten får med seg i høve til anna legemiddelbruk. Å skjøtte dette ansvaret ligg altså implisitt i lovverket, og botnar i å ville gjere det beste og tryggaste for pasienten. Det er med andre ord ikkje noko farmasøytane gjer for å «ta legane på noko» eller snoke i pasientane sin sjukehistorie.
Dernest vil vi påstå at alle apotek som til no er innlemma i e-reseptordninga, er klar over faren for forveksling når ein i prinsippet berre kan oppgi fødselsdato og namn for å kunne leite opp ein resept. Dei fleste apotek har derfor oppretta ein sams praksis om at legitimasjon skal framvisast ved uthenting av e-reseptar. Dette blir i mange apotek opplyst om allereie der ein trekk kølapp, og mange kundar er flinke til å vise dette uoppfordra, uavhengig av kva legemiddel som skal hentast ut. Ved uthenting av A- og B-preparat ber vi i tillegg om daterte fullmakter og i somme tilfelle legitimasjon på den ein hentar for òg. Vi har lang erfaring med å handtere liknande situasjonar, kor det kan vere tvil om kven resepten er til - kvifor skulle vi handtere situasjonen dårlegare fordi resepten er elektronisk? Vi er faktisk meir bekymra for at rett pasient får med seg feil legemiddel, fordi tilbakekallingsfunksjonen verkar å bli brukt i for liten grad. Då ligg gamle reseptar igjen i systemet, og særskilt eldre pasientar har ein oppfatning om at «ligg resepten der, skal eg vel ha det?».
Til slutt - bruk av låste reseptar er ikkje utbreidd i dag, men det er gjerne fordi denne ordninga ikkje godt nok kjend blant pasientane. Kanskje ein i første omgang må byrje med betre opplysning rundt dette om det skal ha noko hensikt. Bruk av visuelle kodar er ein god idé, men vi trur ikkje alle tryggleiksproblem forsvinn av den grunn. Ein vil framleis kunne risikere at andre stel kodane, på same måte som at dei kan stele personnummeret eller papirreseptane til folk. Vi må uansett fortsetje å be legitimasjon og fullmakter, for å vere sikker på at personvernet og teieplikta blir ivaretatt. I tillegg kan slike kodar by på praktiske problem for somme, til dømes eldre. Å berre ha ein strekkode tilgjengeleg kan verke forvirrande for fleire av desse pasientane. Ein kan risikere at dei rotar vekk strekkoden, eller har med seg feil strekkode i høve til kva legemiddel dei treng. Det same problemet vil kunne oppstå om dei er avhengige av hjelp frå andre for å hente ut legemidla sine. Ofte treng eldre å setje ein slik abstrakt kode i samanheng med noko, til dømes ei legemiddelliste. Då vil ikkje ordninga bli noko særskilt annleis frå det den er i dag, der mange eldre kjem inn med ei liste over reseptane sine der personnummer, namn og alle legemiddel er påført.
Det finst betringspotensiale for e-reseptordninga, men innan ein finn ein god måte å løyse desse utfordringane på, er det viktig at pasientar (og professorar i informatikk) har tillit til at alt helsepersonell, også apotektilsette, gjer det dei kan for å ivareta både personvern og pasienttryggleik i systemet vi har i dag.