Har lese både innlegget til Charlotte Haug og kommentaren til Torgeir Bruun Wyller med stor interesse. Som pasient og samfunnsdebattant har eg nokre synspunkt på forholdet mellom kvalitet og kostnader. Ikkje som høgt fagleg utdanna innan helsefag, men som brukar av ulike helsetenester, kalla pasient.
Den siste tida har det vore stor merksemd på helsevesenet og det med rette. Men det heile har utvikla seg til ein overbodspolitikk. Faren med dette er at ein misser oversikta og hamnar på eit sidespor.
Som pasient har eg opplevd godt fagleg handverk gjennom kontakt med ulike både offentlege og private institusjonar. Men eg har også opplevd ein del skjemmande utvekstar i form av arrogante og sjølvopptekne medarbeidarar.
For meg som pasient lyt eg finne meg i at ting kan ta tid og kva er gale me det? Når mine plager ikkje er verre enn at eg kan vente er det ok. Men det er ikkje ok om folk med alvorlege livstrugande plager ikkje får hjelp. Difor ser eg på eit offentleg helsetilbod som er akseptabelt som heilt naudsynt. Og for at det skal kunne fungere må heile tida pasienten prioriterast. Eg ser ikkje at det er tilfelle om ikkje også helsevesenet vert organisert som ein solidarisk institusjon.
Det er politiske parti som ser på drift av sjukehus som om det er ein bilfabrikk ein driv. Dette er heilt forkasteleg og me må gjere alt me kan for å komme ut av dette feilsporet.
I eit velfungerande samfunn må ein heile tida kunne ha fleire tankar i hovudet samstundes. Noko som betyr at kravet til økonomiske utteljingar heile tida må vera under kontroll, men det må vera jamvekt mellom kva det skal koste og kva ein får att basert på ein samfunns økonomisk og ikkje privat økonomisk modell. Difor har eg ikkje noko mot at det vert oppretta private sjukehus foretak, men det må vera eit offentleg ansvar å drive eit helsevesen, så får private vere eit supplement.