Old Drupal 7 Site

R. Kvåle og medarbeidere svarer:

Reidar Kvåle, Jon Henrik Laake, Hans Olav Tungesvik Om forfatterne
Artikkel

Dersom det går ein bodberar ille, så må det kunne takast opp. Det ser diverre ut til at mange har vanskar med å innsjå dette i Bærum-saka. Innlegget vårt gjeld ikkje dei strafferettslege sidene, som ingen av oss utanforståande har oversikt over enno. Vi tek opp varslingskulturen i vårt medisinske miljø og lagnaden til ein varslar. Dette bør alle (også aktørane i Bærum-saka) kunne debattere. Vi er ikkje samde med Øystein Aagenæs i at det er urimeleg å ta utgangspunkt i Carl-Magnus Edenbrandt si sak i denne samanhengen.

Vi har tillit til at Edenbrandt hadde aktverdige mål med varslinga, og at han fylgde sitt samvit. Han fylgde i tillegg tenesteveg, men møtte stengde dører overalt frå Bærum sykehus og heilt opp til Helsetilsynet. Til sist valde han å gå til politiet. Det som har skjedd etterpå syner tydeleg at det i alle fall var grunn til å sjå nærare på det Edenbrandt varsla om. Vi synest det også er god grunn til å sjå på kvifor varslaren fekk lide i denne saka. Aagenæs gjer eit poeng av at samvit kan vere knytt til dei verste terrorhandlingar og fanatisme som ber gale av stad. Vi ser ikkje relevansen i ei slik utsegn i høve til Edenbrandt si varsling. Derimot er vi sjølvsagt ikkje utan tankar for korleis den melde kollegaen og hans familie har hatt det. Det har heilt sikkert vore svært tøft. Men vi må få lov til å ta opp det som har skjedd med Edenbrandt, utan at det samstundes vert oppfatta som eit åtak på den etterforska kollegaen. Vi ser heller ikkje heilt korleis eventuelle lesarinnlegg i Aftenposten eller politiadvokat Knut Skavang sin kommentar skal vere avgjerande i diskusjonen om Edenbrandt sin lagnad.

Vi ber ikkje om at norske legar skal samle seg i noko ”hylekor”. Vi ber om at ein urett vert retta opp. Av omsyn til den det vart gjort urett mot, vårt eige truverde og framtida til det medisinske miljøet. Vi undrast på om Bærum sykehus, helsedirektøren, norsk anestesimiljø, Legeforeningen og vårt etiske råd har gjort seg nokre tankar kring Edenbrandt sin lagnad. Eller er det kanskje uviktig? Aagenæs er usamd med oss. Greitt nok. I skrivande stund har ingen andre, bortsett frå Axel Wannag, uttala seg offentleg. Det uroar oss meir.

Anbefalte artikler