Old Drupal 7 Site

Om språkendring og språkstyring

Olav Momrak Haugann Om forfatteren
Artikkel

«Språket endrer seg hele tiden . . . Endringene er uttrykk for liv, . . . Men på veien taper vi også noe. Å miste den opprinnelige betydningen av f.eks. bjørnetjeneste er ille, fordi man da må bruke langt flere ord for å forklare det man mener» (1). Erlend Hem peikar her på noko heilt vesentleg. Om sjølve ordet bjørneteneste skriv Margarete Bonnevie: «Kommer fra Jean de La Fontaines fabel om bjørnen som for å jage en flue bort fra sin herres nese, tok og kastet en sten etter den, men samtidig med fluen knuste mannens hode.» (2) (ei sitatbok burde alle skaffe seg etter som dei veks til).

Hem (1) nemner enkelte ord der det synes å foregå ei forandring i tyding. Eg tillet meg å kommentere eit par av dei:

  • – Forfordele. Den tradisjonelle – og korrekte! – tyding er den som står i ordbøkene, skriv han: forfordele betyr å få for lite. Eg synes at vi skal halde fast ved det.

  • – Lødig betyr opphavleg rein eller verdifull. La oss halde fast ved den tydinga!

Når Aasmund O. Vinje i Dølen vendte seg til lesarane sine, skreiv han: «Du lesar med det gode vit.» Det samme vil eg (som sjølv er telemarking) gjere. Altså: Du lesar med det gode vett! Eg har tidlegare i år skrive om korleis nynorsken kan leve vidare i bokmålet (3). Eg håpar på positiv respons på det forslaget som gjeld norsk skriftspråk i offentleg sektor (plan A). Inntil vidare skriv eg nynorsk (min plan B er at nynorsken blir einaste riksmål i landet).

Å halde fram som nå, med språkleg todeling i bokmål og nynorsk, meiner eg er direkte usunt. Eg er ikkje psykiater, men språkmann (cand.philol. med universitetseksamen i fem fag) og språkbrukar. Eit retorisk spørsmål: Risikerer vi ikkje å ende opp i ein tilstand av språkleg schizofreni viss vi let humla suse som ho har gjort til nå? Den kjende amerikanske (!) språkprofessoren Einar Haugen har formulert eit interessant uttrykk: schizoglossi. «Resultatet av målreisingen hittil har . . . vært å skape en tilstand som kunne kalles schizoglossi , en slags personlighetsspaltning som har gjort mange mennesker språklig splittet og usikre» (4). – Dessutan kan vi spare mange pengar (som kan brukast meir fornuftig) viss vi blir einige om ei språkform, enten eit norsk bokmål (plan A) eller nynorsk (plan B).

Anbefalte artikler