Old Drupal 7 Site

O.I. Molvær svarer:

Otto Inge Molvær Om forfatteren
Artikkel

Som nemnt i Tidsskriftet nr. 17/2001 er sportsdykking nærast blitt folkesport, også her i landet (1). At sporten ikkje er risikofri, går tydeleg fram av dødsstatistikken. Per 24.10. 2001 er talet på omkomne i år kome opp i sju (Sjøforsvarets dykkarlege, personleg meddeling). Det er såleis på sin plass at Harald Rambøl framhevar vanskane med visuell kontakt mellom eit dykkarpar, og påpeikar at eit sikringstiltak som mellomline (kameratline = ”buddy line”) er ”gått av mote”. I 1962 var eg med å starte opp Studentenes Undervannsklubb i Bergen. Som streng sjefinstruktør i klubben la eg stor vekt på slike sikringstiltak. Det er blitt argumentert mykje både for og mot mellomline. Ved til dømes vrakdykking kan lina hekte seg fast. Men sidan kniv er obligatorisk utstyr, kan ein kutte seg laus om ein held hovudet kaldt.

I samtale med sportsdykkarar tar eg ofte opp tryggleiksproblemet. Eg har alltid hevda at fem til ti dødsfall i året er uakseptabelt i sportssamanheng. Liknande finn ein ikkje i nokon annan sportsaktivitet. I tillegg kjem til dels alvorlege skadar, slik Einar Thorsen har påpeikt (2). Sportsdykkarentusiastar hevdar gjerne at skaderisikoen er liten, slik oppstillinga nedanfor kan gi inntrykk av. Dette er tal på skadeinsidens (%) i 1991 frå National Safety Council i USA (3):

Amerikansk fotball

2,17

Baseball

2,09

Korgball

1,86

Europeisk fotball

0,91

Nettball

0,37

Vasski

0,20

Racquet-ball

0,17

Tennis

0,12

Symjing

0,09

Bowling

0,04

Sportsdykking

0,04

Sjølv om det her kan sjå ut som skaderisikoen ved sportsdykking og bowling er like, vil eg tru at bowlingdødsfall etter måten er sjeldne.

Anbefalte artikler