Å danne seg eit inntrykk av luksasjonsfrekvens på grunnlag av reoperasjonar for luksering må vere mangelfullt. Det svenske hofteregisteret har tatt med luksering. Pga. mangelfull innrapportering gjev dette registeret utilfredsstillande informasjon (1). Materialet vårt viser luksering hos 1,7 % ved ITH-protesar med diameter 32 mm og hos 2,1 % ved ITH-protesar med diameter 28 mm. For Charnley-protesen med diameter 22 mm var det luksering hos 2,3 %. Tendensen var at lukseringsfrekvensen auka med minkande diameter, men denne forskjellen var ikkje statistisk signifikant. Til det har vi for små tal.