Knut Skyberg kunngjer i Tidsskriftet nr. 24/2001 (1) at han mislikar Pål Gulbrandsens minileiar i nr. 22/2001. Eg er ikkje samd med Skyberg. Det kan ikkje vere feil å trekke inn økonomiske verdsproblem viss ein skal forklare det som skjedde 11. september 2001. All slags terror må fordømmas, slik all slags krig må fordømmas. Kva må ikkje amerikanarane tru, gir Skyberg uttrykk for. Mitt syn: La amerikanarane tru kva dei vil! Det finst fornuftige folk blant dei også. Eg tillet meg å nemne eit par slike.
J. William Fulbright (2) har skrive ei bok som på norsk har fått tittelen Maktens arroganse . I forordet skriv Georg Stang: ”Fulbright frykter at USA er i ferd med å utvikle den ”maktens arroganse”, forvekslingen av makt og rett, som fikk så mange av historiens stormakter til å forløfte seg og gå til grunne.” Stang samanfattar her Fulbrights syn svært treffande. Og John Kenneth Galbraith (3) skriv at før Eisenhower slutta som president, så sa han i 1961 (i Per A. Hartuns omsetting): ”I regjeringens råd må vi være på vakt mot uberettiget innflytelse – den være seg søkt eller usøkt – fra det militær-industrielle kompleks. Mulighetene for en katastrofal økning av feilplassert makt eksisterer og vil vedvare.”