Old Drupal 7 Site

Helse, etikk og Internett

John Nessa Om forfatteren
Artikkel

Anderson, JG

Goodman, KW

Ethics and information technology

A case-based approach to a health care system in transition. 213 s, ill. Heidelberg: Springer, 2002. Pris EUR 75

ISBN 0-387-95308-6

Health Informatics Series starta i 1988 under namnet Computers in Health Care, og består no av i alt 26 titlar. Målgruppa for publikasjonane er tilsette på ulike nivå i helsevesenet, fagleg eller administrativt. Ideen bak serien er å ta konsekvensane av dei endringane moderne informasjonsteknologi medfører for helsevesenet og bruke denne teknologien til å framskaffe oppdatert informasjon og kunnskap på dei ulike fagfelt.

Forfattarane er tilknytt amerikanske universitet. Anderson er professor i sosiologi ved Purdue University i Indiana. Goodman er leiar for eit program i bioetikk ved University of Miami.

Denne boka om etikk og informasjonsteknologi er eit forsøk på å konkretisere dei etiske problemstillingane ein møter i praksis når ein tar i bruk moderne informasjonsteknologi. Det presenteres mange «case studies», eksempel der etiske problemstillingar blir aktualisert. Emna for kapitla er klinisk verksemd, som til dømes virtuelle konsultasjonar eller virtuelle heimebesøk, medisinering via Internett, diagnostisering av depresjon. Andre kapittel omhandlar helseopplysning, konfidensialitet, bioteknologi, klinisk forskning.

Boka har preg av å vere ein slags katalog eller arbeidsbok. Den er kjemisk fri for etisk teori. Lesaren får presentert problemstillingane på fritt grunnlag. I valet mellom å skape ein enkel oversikt og å vere utfyllande, har forfattarane lagt vekt på det første. Det er nok mest pedagogisk. For skulle dei hatt med seg alt relevant stoff, ville boka lett bli for stor og uhandterleg. Slik dei har gjort det, er boka blitt kortfatta og lett å ta i bruk.

Boka er veleigna for undervisningsføremål. Sjølv er eg ingen kompetent kjennar av alle helserelaterte Internett-sider, og har hatt god nytte av å bli orientert om kva som skjer på feltet. Diskusjonsdelen er den minst interessante. Her blir det gjerne same problemstillingane om igjen og om igjen. Ei strammare stryking og redigering hadde gjort seg.

Alt i alt ei sakleg, oversiktleg, men også litt kjedeleg bok. For det er sjeldan særleg engasjerande å lese telefonkatalogen.

Anbefalte artikler