Old Drupal 7 Site

S. Rørtveit & G. Rørtveit svarer:

Sverre Rørtveit, Guri Rørtveit Om forfatterne
Artikkel

Vi takkar for interessa for artikkelen vår. Artikkelen er basert på ein deskriptiv studie. Målsettinga var å beskrive ein impetigoepidemi og tiltaka som vart sett i verk. At det ut frå tabell 2 ser ut som at inga behandling var forbunde med ingen residiv, skuldast antakeleg at desse pasientane har hatt svært små og få utslettlesjonar. Det kan likevel vere interessant å merke seg at mange av desse vart bra spontant.

Vi er ikkje samde med Yngvar Tveten i at det er meiningslaust å samanlikne dei ulike behandlingsregima i ein ukontrollert studie som dette. Observasjonssiktemålet i tabellen var behandlingsutfallet for desse pasientane, i denne tidsperioden og med denne geogafiske avgrensinga. I samanlikninga ligg det ingen pretensjon om å finne beste behandlingsregime. Det at lokalt fusidin ser ut til å ha hatt effekt hos nokre pasientar, trass i laboratoriepåvist fusidinresistens, er ein observasjon, og vi lanserer eit forslag til forklaring på kvifor det kan ha vore slik. Det betyr ikkje at vi tilrår lokalt fusidin. Tvert om er vi samde i dei tilrådingane som Statens legemiddelverk sin ekspertkonferanse har gjeve (1), der bruk av lokalt fusidin vert rådd ifrå.

Anbefalte artikler