Old Drupal 7 Site

Viktig bok om flyktningar

John Nessa Om forfatteren
Artikkel

Varvin, Sverre

Flukt og eksil

Traume, identitet og mestring.

256 s. Oslo: Universitetsforlaget, 2003. Pris NOK 298

ISBN 82-150-0375-3

Sverre Varvin er psykiater med mange års arbeid bak seg både som klinikar og forskar ved Psykososialt Senter for Flyktninger ved Universitetet i Oslo. Han har interessert seg spesielt for alvorleg traumatisering, og har disputert på ei avhandling om mentale overlevingsstrategiar etter ekstrem traumatisering. Han tar sikte på å bidra til ei djupare forståing av kva det vil seie å bli traumatisert. Varvin har eit psykodynamisk og psykoterapeutisk perspektiv på problemområdet, og gjengir lange utdrag av pasienthistorier. Han henvender seg til alle typar fagfolk som arbeider med flyktningar, og er ikkje minst aktuell for allmennlegar.

Boka er tredelt. Dei første fire kapitla handlar om flukt. Dei neste fem om traumer og traumatisering, mens dei siste tre kapitla handlar om livet i eksil. Det er ei rikeleg referanseliste både til traumelitteratur og ein del skjønnlitteratur, samt eit nokså kortfatta stikkordregister.

Sverre Varvin har stort sett lukkast med sitt prosjekt. Han skriv enkelt og oversiktleg, har ein ryddig disposisjon, og formidlar ei ofte oversett innsikt om at asylsøkaren/flyktningen ofte er meir grunnleggande skada mentalt sett enn det ein lett kan få inntrykk av ved ei kortvarig og overfladisk vurdering. Samstundes understrekar han variasjonen. Ikkje alle er skada. Og endringspotensialet er svært forskjellig. «Noen tar sjumilssprang, andre bruker lang tid på små, men vesentlige forandringer».

Forfattaren skriv enkelt. Av og til for enkelt og ordrikt. Ein del av det han skriv og gjentek, er rimeleg sjølvsagt og kunne gjerne blitt utelatt. Andre viktige perspektiv manglar. I moderne psykoterapilitteratur er ein gjerne opptatt av tilknytning og tilknytningsteori, og ein møter ikkje sjeldan tilknytningsforstyrring som forklaringsnøkkel når traumatiserte personar viser problematisk åtferd. Eg såg gjerne at han omtalte tilknytningsproblematikk meir eksplisitt.

Dette er småplukk. Min konklusjon er positiv. Dette er både ei teoretisk solid og praktisk nyttig bok som gir oss eit godt kart å orientere oss etter når vi skal gå inn i eit arbeid som er viktig, som vi ikkje kan unnsleppe, men som mange av oss ikkje kjenner seg kompetente til.

Anbefalte artikler