Old Drupal 7 Site

400 år og vegen framover

Kristian Hagestad Om forfatteren
Artikkel

International Conference on Public Health Bergen – Norway 15th to17th of June 2003

400 years and the way forward

160 s, tab, ill. Bergen: Styringsgruppen for 400-årsjubileet, 2003. Pris NOK 100

ISBN 82 -7841-210 -5

Fjoråret var det store jubileumsåret for offentleg norsk helseteneste. Den første kongelege utnemninga av ein lege til teneste i Noreg skjedde i 1603. 400-årsminnet blei markert gjennom eit vidt spekter av arrangement og tiltak både nasjonalt og lokalt. På bokfronten kom det ut eit tobinds historisk verk av O.G. Moseng og A. Schiøtz, Det offentlige helsevesen i Norge 1603 – 2003. Dette blei supplert med ei rekke lokale utgivingar av medisinsk-historiske skrift.

Det tilskottet til jubileumslitteraturen som denne boka representerer, er resultat av ein internasjonal konferanse som blei arrangert i Bergen i midten av juni. Dei meir enn 300 deltakarane fekk i løpet av eit par innhaldsrike døgn med seg eit rikhaldig fagleg (og sosialt) program.

Perspektivet for denne boka er ikkje det lett defensive, med tilbakeblikk på alt som har skjedd med helsemessige forhold og helsetenester i fedrelandet i løpet av dei siste 400 åra. I staden blir perspektivet retta framover: Kva er dei store samfunnsmedisinske utfordringane i dag, og kva vil dei vere i åra som kjem?

I første delen er det helseminister Dagfinn Høybråten og den da avtroppande WHO-direktøren Gro Harlem Brundtland som slår an tonen med vektleggjing av sosioøkonomiske og politiske utviklingstrekk langt utover helsetenesta sitt ansvars- og kompetanseområde, men med klare helsemessige implikasjonar. Andre delen er i større grad vigd meir faglege tema: Kva vil vere god samfunnsmedisinsk praksis i tida som kjem?

Skal det trekkjast fram eitt enkeltkapittel, vil eg nemne innlegget frå tidlegare helseminister Gudmund Hernes om den rolla som media i dag spelar på den globale helsearenaen. Han tek utgangspunkt i erfaringane frå SARS-epidemien, som han omtaler som ein moderne «mediademi».

Rapporten frå konferansen er blitt ei delikat bok. Ho kom imponerande raskt ut, tidleg på hausten i fjor. (Det er ikkje utgivarane si skuld at bokmeldinga først kjem nå!) Dei to redaktørane, Inger Johanne Pettersen og Harald Siem, har gjort eit solid arbeid, med god hjelp av den fotograferande medisinsk-historiske professoren og altmoglegmannen Øivind Larsen. Dette er meir enn ei minnebok for dei som deltok i Bergen. Her finst det verdifullt fagleg stoff for alle dei som er interesserte i samanhengar mellom helsetilstand, helsetenester og samfunnsutvikling.

Anbefalte artikler