Old Drupal 7 Site

Praktisk og nyttig om kvalitetsutvikling

Geir Sverre Braut Om forfatteren
Artikkel

Kaasa, Karen

Kvalitet i helse- og sosialtjenesten

Det er menneskene det kommer an på.

184 s, tab. Oslo: Gyldendal Akademisk, 2004. Pris NOK 245

ISBN 82-05-29859 -9

Denne boka er

først og fremst rekna som ei innføringsbok for studentar i treårige profesjonsutdanningar. Til det bør den også vere eigna. Men kor vidt slike studentar vil kjøpe seg ei så pass spesialisert bok, er eg meir i tvil om. Eg trur difor at ho vil ha større interesse for ferdig utdanna helse- og sosialpersonell, legar irekna, som ønskjer ein lettlesen, men likevel etterretteleg tekst om kvalitetsutvikling.

Innhaldet dekkjer emnet godt og framstår som truverdig. Forhold av meir formell art er praktisk kommentert, men med sakleg og rett innhald. Teksten ber preg av å vere skriven av ein forfattar med praktisk røynsle og god teoretisk forankring.

Det som står om internkontrollsystem er korrekt; bortsett frå at forskrifta er vedteken ved kongeleg resolusjon, ikkje av Stortinget. På dette punktet saknar eg likevel ein presentasjon av korleis internkontrollsystemet som forskrifta krev, kan vere ein del av styringssystemet til verksemda og ikkje noko som kjem i tillegg berre for å oppfylle krav i lovgjevinga.

Det eg måtte sakne er vel helst å sjå på som bagatellar. Litt om teieplikt kunne vore på sin plass i kapitlet om tverrfagleg arbeid. Litt om forholdet mellom brukarundersøkingar og undersøkingar som eigentleg er å sjå på som klinisk forsking, kunne også vore av interesse for lesarane av denne boka. Det som no står om dei forskingsetiske komiteane heng litt i lause lufta og gjev ikkje svar på om brukarundersøkingar eigentleg skal leggjast fram for desse. Mot slutten saknar eg litt meir om Sosial- og helsedirektoratet si rolle som normsetjar i kvalitetsarbeidet. Men alt i alt vurderer eg dette som ei nyttig bok med rimeleg omfang og fornuftige avgrensingar som står seg godt som ei første innføring i kvalitetsutviklingsarbeid.

Anbefalte artikler