Old Drupal 7 Site

Hjartesjukdom som komplikasjon til graviditet og fødsel

Harald Vik-Mo Om forfatteren
Artikkel

Diagnosen peripartum kardiomyopati kan vere spesielt vanskeleg fordi mange kvinner har funksjonsdyspné, ankelødem og trøyttleik mot slutten av eit normalt svangerskap. Foto Ingram

Hjartesjukdom i svangerskapet eller i perioden under og like etter fødselen er relativt sjeldan. Likevel er hjartesjukdom ein av dei vanlegaste årsakene til maternell død og om lag like vanleg som lungeemboli (1). Diagnosen er spesielt vanskeleg fordi tidlege teikn til hjartesjukdom lett kan bli forveksla med normale fysiologiske forandringar i svangerskapet eller med sjukdomar som er langt vanlegare i denne perioden. Nyoppstått alvorleg hjartesjukdom er kanskje den minst venta diagnosen hos ei ung fødande kvinne.

Stadig fleire kvinner med medfødde hjartefeil kan bli gravide etter avansert kirurgisk eller medisinsk behandling i barnealderen. Hjartesvikt, arytmi og hjerneslag er dei vanlegaste komplikasjonane hos gravide med kjent hjartesjukdom (2, 3). Spesielt utsette for komplikasjonar er kvinner i NYHA-funksjonsklasse III eller IV før graviditeten, og dei med hjartefeil med cyanose eller venstresidig obstruksjon (3). Blant tidlegare hjartefriske gravide kvinner som får akutte kardiorespiratoriske symptom er dei vanlegaste differensialdiagnosane preeklampsi, infeksjon, lungeemboli og hjartesjukdom (2).

Dei vanlegaste alvorlege hjartesjukdomane i samband med graviditet og fødsel er peripartum kardiomyopati, akutt hjarteinfarkt og aortadisseksjon (2). Diagnosane står for 15 – 20 % av alle dødsfall ved graviditet (1).

Peripartum kardiomyopati debuterer som regel i slutten av svangerskapet eller i dei første månadene etter fødselen. Diagnosen kan vere spesielt vanskeleg fordi mange kvinner har funksjonsdyspné, ankelødem og trøyttleik mot slutten av eit normalt svangerskap. Diagnosen kan også lett forvekslast med andre tilstandar som er vanlegare i denne tidsperioden, slik som preeklampsi, lungeemboli og pneumoni. Ein bør få mistanke om hjartesvikt ved anfall med nattleg dyspné, hoste om natta eller ved belastning, og der ein ved klinisk undersøking finn teikn til lungestuving og hepatomegali (2). For å kunne stille diagnosen tidleg bør det vere låg terskel for kardiologisk vurdering og bruk av ekkokardiografi, som understreka i artikkelen til Roland og medarbeidarar (4).

Spontan disseksjon i ein koronararterie er den vanlegaste årsaka til hjarteinfarkt under fødsel og i dei første vekene postpartum (5). Etiologien er ukjend, men hormonelt indusert degenerasjon i kollagenet saman med hemodynamisk stress i graviditeten og ved fødselen er føreslått som patogenetiske faktorar. Tilstanden opptrer hos tidlegare friske individ, og mest hos fleirgongsfødande. Gjennomsnittsalderen for peripartum kardiomyopati er 33 år i samlemateriale (5). Nær 80 % av kvinner med peripartum disseksjon i koronararterie har ingen vanlege risikofaktorar for koronar hjartesjukdom, og dei fleste har lesjon i a. descendens anterior frå venstre koronararterie. Mortaliteten er høg når hjarteinfarktet debuterer ved fødsel eller første veker postpartum. Tidleg diagnose med koronar angiografi er viktig for prognosen (2). Behandlinga er retta mot rask rekanalisering av okkludert arterie, eventuelt med innsetting av stent eller stentgraft.

Akutt oppståtte smerter i bryst, rygg eller skulder kan også skuldast aortadisseksjon. Akutt aortadisseksjon i svangerskapet ser ein spesielt ved alvorleg hypertensjon i samband med preeklampsi eller ved bindevevssjukdom som Marfans syndrom (2). Sjølv om tilstanden er sjeldan, så utgjer akutt aortadisseksjon i svangerskapet nær 50 % av alle aortadisseksjonar hos kvinner under 40 år (6). Diagnosen blir vanlegvis stilt ved computertomografi og transøsofageal ekkokardiografi.

Anbefalte artikler