Old Drupal 7 Site

Draumen og livet

Vilhelm Lund Om forfatteren
Artikkel

Åmås, Knut Olav

Mitt liv var draum

Ein biografi om Olav H. Hauge. 715 s, ill. Oslo: Det Norske Samlaget, 2004. Pris NOK 428

ISBN 82-521- 5752-1

No har eg levd med Hauge att nokre veker, og spanande har det vore. Han rørde etter kvart mange med diktinga si og vart som eit ikon medan han levde. Ti år etter at han gjekk bort kjem Samlaget med ein stor biografi. Kritikarar har alt skrive mykje om verket, dette er fyrste store framstillinga av livet hans attåt alt det han sjølv har gjeve oss i dei fem bind store dagbøkene.

Å gje denne uppgåva til Knut Olav Åmås var eit lukkeleg val. Hauge runda 60 det året biografen vart fødd. Dei møttest aldri, det syter for den fråstand som oftast må til for å kunne sjå klårt. Som ein grundig vitskapsmann hev Åmås granska gamle kjelder og skaffa fram nye frå brev og samtaler med folk som stod Hauge nær. Det digre tilfanget er saumfart og ordna og sett saman slik at det tek like godt vare på diktinga og diktaren. Her er gjort skikkeleg greie for kvar einaste kjelde, med drygt hundre sider notetilvisingar og register av ulikt slag. Åmås skriv godt nynorsk, om han ikkje held seg til rettskrivinga frå 1917, slik Hauge gjorde. Dei meir private sidene ved livet er handsama med varsemd – journalane frå dei lange upphalda på Valen sjukehus er ikkje sitert direkte, og det er trekt inn fagfolk i framstillinga av denne sinnssjuka som råka Hauge nett då han arbeidde mest intenst med diktsamlingane sine.

Skulle ein kritisera forfattaren for noko, måtte det vere at han tek med for mykje, det kan verte i meste laget med sitat frå dagbøkene om verdslitteraturen og frå avisomtalar som gjeld bøkene til Hauge. Men det meste er forvitneleg lesing – etter han har gjort greie for fakta, endar ofte Åmås avsnittet med korte eigne kommentarar og vurderingar. Det fungerer godt.

Livet til Olav Håkonsson Hauge var prega av motsetnader, einfelt og samansett, einsamt og vidtfemnande, kvardagsleg og bortrykt (i sjukdommen). Mykje kjem med, såpass som det kan verte i høve til eit anna menneskje, medan det er heller sparsamt frå miljøet i Ulvik, der han vaks upp og levde. Ein gjennomgåande pessimist var han og hadde sine grunnar for det, han torde ikkje gle seg over framgang, det var tryggare å vere svartsynt, og dessutan smålåten, slik ein skulle vere i Hardanger. Sorg og sut og liding tek han på seg, som ei bør han skal bere. Og om han jamt var stille i si ferd, kunne han òg øse seg upp i godt lag, slik at endå Georg Johannesen kom til kort i ordskiftet. Hauge klaga ofte på det fysiske arbeidet sitt som gartnar og epledyrkar. Sett på fråstand og i ettertid må ein heller tru at det vart nyttig i livet hans, til mogning for kropp og sjel og ikkje minst for diktinga. Og møtet med Bodil Cappelen, som vart kona hans seint i livet, er, slik det er synt fram i breva dei imellom, ei kjærleikssoge på høgd med mykje av det som er dikta. Draumen opna seg for Olav.

Boka inneheld òg ein 60 siders teoretisk bolk om biografiens teori og metode. Denne er det ikkje rom for å drøfte innafor dei grensene som er sette for ei slik bokmelding. Forlaget har ære av det store tilfanget av fotografi som ikkje er kjende frå før. Nokre prentefeil får dei rette i neste opplag. Om det då vert naudsynt med fleire opplag, venteleg er stoffet ikkje popularisert nok til at dette vert ei folkebok. Difor òg likar eg ho.

Hauge var ein hugteken ordsmed gjennom heile det lange livet sitt, han endra og flikka på mange av enkeltdikta for stadig nye samleutgåver, forkasta og tok inn att. Som eit lite døme vil eg slutte med nokre underfundige liner han sende meg like etter siste åremålsdagen sin, i 1993. Vi hadde veksla enkelte småvers der ulike treslag var nemnde:

I ein lund

er mange tre

eg fær ikkje fred

fyrr eg svarar

Anbefalte artikler